Nyheitsbrev 30. oktober

Nyheitsbrevet i dag inneheld sak frå allmøtet til den nye kommunalavdelinga for samfunnsutvikling og kultur, budsjettframlegget er klart, me har hatt OD-elevar hjå ordføraren, ungdomsavdelinga har hatt innspelsmøte, IT-avdelinga får litt skryt og me er klare for Grøn november! 

Den nye kommunalavdelinga for samfunnsutvikling og kultur møttes til allmøte torsdag. Avdelinga er relativt stor og består av tidlegare kommunalavdeling teknisk og kommunalavdeling kultur og fritid. I tillegg er det kome tre medarbeidarar innan plan, beredskap og klima og miljø frå staben.

Den nye avdelinga møttest i kultursalen torsdag, kommunalsjef Hans-Erik Ringkjøb leia møtet og snakka om korleis han ynskjer at det skalv era å jobba i avdelinga. 

Sidan den nye kommunalavdelinga har ei nokså mangfoldig portefølje, vart alle avdelingsleiarane også presentert, og fekk fortelja kva oppgåver dei løyser. 

OD-dag med ungdom

Selma og Sverre frå Granvin barne- og ungdomskule hadde Operasjon Dagsverk i Voss herad, der dei mellom anna var med både ordføraren og kommunikasjonssjefen på oppdrag. I lag med ordførar, rådmann og politisk sekretariat jobba dei med å leggja neste års politiske møteplan. I tillegg var dei med på allmøtet til kommunalavdeling samfunnsutvikling og kultur, dei laga ein kort video frå tinghuset og avslutta ein lang dag med innspelsmøte med ungdomsavdelinga om kvelden. 

Budsjettframlegget er publisert

Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2027 og økonomiplan frå 2028-2030 er sendt ut til formannskapet. 

Budsjettet til heradet for neste år er på 2,14 milliardar kroner, og det er lagt opp til å bruka 23,4 millionar kroner av disposisjonfondet. Les pressemeldinga frå rådmannen her, pluss lenkje til sjølve budsjettet. Pressemelding om budsjett og økonomiplan

Boring etter grunnvarme

I samband med energikartlegging til grunnvassbasert grunnvarme rundt Voss Tinghus og Voss Ungdomskule, er det planlagt boring av tre prøvebrønnar neste veke. 

Prøveboringa skjer på tre stader: Ein brønn på grøntarealet mellom tinghuset og gangvegen mot Vangsvatnet, ein brønn på grøntområdet mellom vestfløyen på ungdomsskulen og parkeringsplassen ved tinghuset og ein på grøntområdet ved Olavsvegen og administrasjonsbygget til ungdomsskulen.

Hola som skal borast vert 30 meter djupe, og mellom 13 og 16 centimeter i diameter. Alle hol vert sikra med kumring og lokk. 

Arbeidet startar opp måndag, med borerigg og sikring. Det tek opp mot ein arbeidsdag å bora kvart hol, og ein må rekna med noko mindre støy. 

Innspelsmøte med ungdom

Vel 15 ungdommar kom på innspelsmøtet som ungdomsavdelinga arrangerte torsdag kveld. Målet var å få innspel på korleis heradet kan kommunisera med ungdom både med og utan sosiale medi og kva som skal til for at ungdom skal delta på ulike arrangement. 

Ungdomsavdelinga stilte med både pizza og snop, og fekk mange gode tilbakemeldingar i retur. 

Skryt til IT-avdelinga

I ei tid der Nasjonal sikkerhetsmyndighet, NSM, aukar cyberrisikoen frå medium til høg, og me jamt får nyhende om alvorlege cyberhendingar, er på på sin plass å skryta av eiga IT-avdeling. For mellom all drift, handtering av hendingar og brukarstøtte, vert det gjort eit viktig og godt proaktivt arbeid. 

I sommar gjennomførte ein sikkerheitsekspert ein test av norske kommunar. Ved å nytta eitt testverktøy kom dei fram til at fem kommunar i Noreg, mellom andre Voss, skåra 100 prosent på e-post-sikkerheit. Ved bruk av to testvertøy frå NSM og Digdir var det berre Voss herad som skåra tilnærma 100 prosent. Det er verdt ei omtale i nyheitsbrevet. 

IT-leiinga gler seg sjølvsagt over dette, men peikar samtidig på at det er viktig at alle tilsette har eit fokus på sikkerheit, og slik kan bidra veldig til å halda oss så trygge me kan. Gode testresultat er ferskvare og må ikkje vera ei sovepute. 

Og i den samanhengen er det å halda både PC og telefon oppdatert viktig. Sjølv om det sjeldan høver med oppdateringar, så er dette heilt avgjerande for å lukka sårbarheiter og sikkerheitshol som dukkar opp. Så oppmodinga er, prioriter oppdateringa på jobb-PC når meldinga kjem, ikkje vent til den oppdaterer av seg sjølv. 

Det same gjeld på privat PC, og sjølvsagt på telefonen. 

Grøn november

Søndag er me kome til november, og i Voss herad heiter det Grøn november.

Grøn november har som føremål å synleggjera og lyfta mangfaldet innan ombruk, reparasjon, utlån- og deleordningar, sirkulære løysingar og bidrag innan sosial berekraft i Voss herad.

Sjå det innhaldsrike programmet! Fleire lag og organisasjonar bidreg til lærerike og sosiale aktivitetar heile månaden.