Personvern og informasjonstryggleik

Voss herad har eit stort ansvar med omsyn til å sikra dei tilsette og innbyggjarane sine rettar knytt til personvern og informasjonssikkerheit. Dette er eit sentralt og grunnleggjande fokusområde i alt som Voss herad gjer innan IKT området.

Styrking av ein organisasjonskultur som legg til rette for at alle tilsette har naudsynt kunnskap og forståing av kva personvern og informasjonssikkerheit inneber, er ein føresetnad. For å gjere dette arbeidet lettare har Voss herad utarbeida ei handbok for personvern og informasjonssikkerheit. 

Handboka inneheld ei framstilling av korleis me som tilsette i Voss herad skal jobba med personvern og informasjonssikkerheit, og gjev ei oversikt på sentralt lovverk, retningslinjer, arbeidsprosessar og rettleiarar. Den inneheld også malar og hjelpemiddel, samt informasjonsfilmar om ulike emne. To av dei mest sentrale filmane finn du også ei lenkje til under. 

 

Handbok for personvern og informasjonssikkerheit

Sjå video Personvern og informasjonstryggleik for tilsette her

Sjå video Personvern og informasjonstryggleik for leiarar her

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 41 56 79 67

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no