Personvernombod

Personvernombodet skal bidra til at heradet følgjer personopplysningslova og handterer personopplysningar på ein lovleg måte. Du kan ta kontakt med personvernombodet viss du lurar på korleis heradet handterer dine personopplysingar. 

Voss herad har ein avtale med Bergen kommune om personvernombod.

Personvernombodet skal: 

  • informera, gje råd og anbefalingar om korleis heradet kan ivareta tilsette og innbyggjaranes personvern og kommunens plikter etter GDRP
  • kontrollera at heradet følgjer personvernregelverket og kommunens interne retningsliner.
  • gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar
  • samarbeide med Datatilsynet og ha funksjon som kontaktpunkt både internt og eksternt

Kva betyr det for deg?

Er du tilsett eller leiar og lurar på noko som har med personvern å gjera kan du ta kontakt. Personvernombodet kan rådgje og rettleia dykk som tilsette i det daglege arbeidet de gjer. Dette gjeld òg dersom eininga eller avdelinga skal innføra eit nytt system eller ny rutine.

Er du innbyggjar og lurar på noko i samband med personvern, eller om du lurar på kva rettar du har i samband med personopplysningane heradet har om deg kan du òg ta kontakt. Personvernombodet skal fungera som eit kontaktpunkt mellom deg som innbyggjar og heradet som offentleg instans.

Sjå meir info om personvernombodet på Datatilsynet sine sider.

Kontakt

Personvernombod
E-post
Telefon 90 06 19 58

Postadresse: 

Voss herad
v/ Personvernombodet
Postboks 145,
5701 Voss

E-post (for kontakt via Voss herad): personvern@voss.herad.no