Planorama samlar alle prosjektleiarane som har ansvar for utarbeiding av planar i tråd med Voss herad sin planstrategi. Også prosjektleiarar med ansvar for utarbeing av administrative planar kan vera med.
Sist endra 06.02.2022 13.51
Formålet med Planorama er å skapa best mogeleg flyt i dei mange planprosessane i Voss herad. Gruppa fungerer som eit treffpunkt for prosjektleiarane der dei kan samarbeida, sparra og skapa gode felles medverknadsprosessar.
Per februar 2022 er desse med i Planorama:
- Tidleg innsats ( kommunedelplan), Sveinung H. Nygård
- Vossaklima 2030 (kommunedelplan), Gunnhild Utkvitne
- Plan for kultur, idrett og friluftsliv (temaplan), Trude Letnes
- Plan for strategisk næringsutvikling (temaplan), Morten Helle
- Voss i vekst (temaplan), Silje H. Lund
- Strategi for kulturhuset, (strategi) Randi Kvinge
- Sti- og løypeplan (temaplan), Nils Helge F. Kvamme
- Administrative planar innan IT og digitalisering, Trond Myklebust
Ta kontakt med leiaren din dersom du tenkjer det vil vera nyttig for deg å komma med i Planorama.