Voss iPluss2027

Gjennom omstilling i prosjektet Voss iPluss2027, skal heradet sikra ei økonomisk berekraftig drift
innan 2027. 

Her er ein prosjektpresentasjon som kan nyttast til å informera om prosjektet: lenkje (PDF, 718 kB)

Under finn du litt meir informasjon om bakgrunn og innhald. 

Bakgrunn

Voss er i ein situasjon der det er utfordrande å rekruttera tilstrekkeleg med kvalifisert personell til å utøva tenestene med same kvalitet og med den strukturen me har i dag. Dette gjeld spesielt innan helse, omsorg, skule, barnehage og enkelte administrative område. Knappheit på ressursar, både kvalifiserte folk og pengar vil truleg auka i framtida. Voss må gjera grep for å løysa utfordringar i dag, og møta dei som kjem i framtida. Voss herad treng å gjera omstilling for å få berekraftige tenester. Det vil seie at tenestene må vera på rett nivå og på eit utgiftsnivå som me kan halda over tid utan å tømma sparekontoen.

I 2022, 2023 og med stort sannsyn for 2024, så er utgiftene i tenesteområda høgare enn inntektene me har til å dekka dei. Voss herad ligg an til over 30 mill.kr i meirforbruk i tenesteområda i 2024. Høg prisvekst, auka rente, dyre løysingar for å handtera fråvær, auka behov for tenester frå innbyggjarane, mange born med hjelpebehov er nokre av grunnane til at utgiftene har auka mykje siste åra. Det har også vore ein betydeleg vekst i tal personar og deira ressursbehov innan ordninga for ressurskrevjande tenester. Staten er også tydeleg på at kommunane ikkje kan venta å få dekka alt av vekst i tenester framover. Me må difor planlegga for å kunna dekka vekst i tenester sjølve.

Me har difor sett i gang omstillingsprosjektet Voss iPluss2027. Dette er eit endringsprosjekt for å gjera tenester meir berekraftig, bruka ressursane me har på beste vis og samtidig få ned utgiftsnivået slik at me har råd til å drifta kommunen vår. Det skal soleis vera med å løysa utfordringar me har i dag og vil få i framtida med mangel på kvalifisert personell, eit for høgt utgiftsnivå og aukande tenestebehov i enkelte tenester. Prosjektet er sett i gang no i haust og vil vara ut 2027.

Innhald

I denne perioden skal me kartlegga kva som kan vera aktuelle endringar, og så setja i verk tiltak og endringar. Nokre vil vera store og inngripande, medan nokre vil vera små og kan gjennomførast raskt. Nokre skal jobbast med på strategisk nivå av leiarar og nokre vil koma som innspel frå tilsette i ulike avdelingar. Prosjektet rommar det som vil vera naudsynt å gjera av endringar, men det kan også romma meir.

Store omstillingar må greiast ut med godt kunnskapsgrunnlag og alternative løysingar, og deretter leggast fram til politisk handsaming. Dei skal gjennomførast med gode prosessar frå drøfting til gjennomføring. Me vil måtte greia ut om me skal gjera endringar i mellom anna struktur innan skule og barnehage, kvar me må endra på tenestenivå og dekningsgrad, er det nokon aktivitetar me bør slutta med, kvar kan me effektivisera, er det avtalar som bør avsluttast eller reforhandlast? Det kan også vera behov for å omprioritera ressursar, altså flytta ressursar frå ei teneste til ei anna. Nokre område vil difor få auka sine rammer.

Kvar kommunalsjef er ansvarleg for gjennomføring i si eining. Der det er aktuelt med større omstilling skal det organiserast med gode prosessar og deltaking frå tillitsvald, verneombod, tilsette og aktuelle leiarar. Store omstillingar skal også til politisk handsaming og brukarråda skal koma med sine råd. 

For å koma i pluss der inntektene er 1,75 % (ca. 32 mill.kr) høgare enn utgiftene i 2027, så må me starta med å gjennomføra endringar og omstilling frå 2024. Til neste år må me ha redusert utgiftene med 10 mill.kr. For å koma i mål i 2027 må me ha redusert utgifter med 22 mill.kr. Dette vert fordelt på ulike tenesteområde, og alle må bidra i omstillinga for framtida.