Her er ein prosjektpresentasjon som kan nyttast til å informera om prosjektet: lenkje (PDF, 718 kB).
Under finn du litt meir informasjon om bakgrunn og innhald.
Bakgrunn
Voss er i ein situasjon der det er utfordrande å rekruttera tilstrekkeleg med kvalifisert personell til å utøva tenestene med same kvalitet og med den strukturen me har i dag. Dette gjeld spesielt innan helse, omsorg, skule, barnehage og enkelte administrative område. Knappheit på ressursar, både kvalifiserte folk og pengar vil truleg auka i framtida. Voss må gjera grep for å løysa utfordringar i dag, og møta dei som kjem i framtida. Voss herad treng å gjera omstilling for å få berekraftige tenester. Det vil seie at tenestene må vera på rett nivå og på eit utgiftsnivå som me kan halda over tid utan å tømma sparekontoen.

I 2022, 2023 og 2024, så har utgiftene i tenesteområda vore høgare enn inntektene me har til å dekka dei. Då har me brukt av disposisjonsfond for å dekka meirforbruket. Disposisjonsfondet er ved inngangen av 2025 på berre 52 mill.kr. Det hastar no å gjera omstilling og innsparing for å unngå å tømma sparekontoen.
Høg prisvekst, auka rente, dyre løysingar for å handtera fråvær, auka behov for tenester frå innbyggjarane, mange born med hjelpebehov er nokre av grunnane til at utgiftene har auka mykje siste åra. Det har også vore ein betydeleg vekst i tal personar og deira ressursbehov innan ordninga for ressurskrevjande tenester. Ein del av meirforbruka i 2024 fortset inn i 2025, i tillegg til at nye behov har oppstått. Førebels prognose våren er eit meirforbruk på om lag 40 mill.kr. Handtering av desse nye budsjettbehova vert innarbeida med nye innsparingsmål i mandat for Voss iPluss. For å ha ei berekraftig drift må løpande inntekter vera høgare enn løpande utgifter. Staten er også tydeleg på at kommunane ikkje kan venta å få dekka alt av vekst i tenester framover og må gjera omstilling.
Me har difor sett i gang omstillingsprosjektet Voss iPluss2027. Dette er eit endringsprosjekt for å gjera tenester meir berekraftig, bruka ressursane me har på beste vis og samtidig få ned utgiftsnivået slik at me har råd til å drifta kommunen vår. Det skal soleis vera med å løysa utfordringar me har i dag og vil få i framtida med mangel på kvalifisert personell, eit for høgt utgiftsnivå og aukande tenestebehov i enkelte tenester. Prosjektet er sett i gang no i haust og vil vara ut 2027.
Innhald
I denne perioden skal me kartlegga kva som kan vera aktuelle endringar, og så setja i verk tiltak og endringar. Nokre vil vera store og inngripande, medan nokre vil vera små og kan gjennomførast raskt. Nokre skal jobbast med på strategisk nivå av leiarar og nokre vil koma som innspel frå tilsette i ulike avdelingar. Prosjektet rommar det som vil vera naudsynt å gjera av endringar, men det kan også romma meir.
Store omstillingar må greiast ut med godt kunnskapsgrunnlag og alternative løysingar, og deretter leggast fram til politisk handsaming. Dei skal gjennomførast med gode prosessar frå drøfting til gjennomføring. Me vil måtte greia ut om me skal gjera endringar i mellom anna struktur innan skule og barnehage, kvar me må endra på tenestenivå og dekningsgrad, er det nokon aktivitetar me bør slutta med, kvar kan me effektivisera, er det avtalar som bør avsluttast eller reforhandlast? Det kan også vera behov for å omprioritera ressursar, altså flytta ressursar frå ei teneste til ei anna. Nokre område vil difor få auka sine rammer.
Kvar kommunalsjef er ansvarleg for gjennomføring i si eining. Der det er aktuelt med større omstilling skal det organiserast med gode prosessar og deltaking frå tillitsvald, verneombod, tilsette og aktuelle leiarar. Store omstillingar skal også til politisk handsaming og brukarråda skal koma med sine råd.
For å koma i pluss der inntektene er 1,75 % (ca. 32 mill.kr) høgare enn utgiftene i 2027, så må me starta med å gjennomføra endringar og omstilling frå 2024. Det er behov for å gjera omstillingar med innsparingar tilsvarande 40-50 mill.kr i 2025. I økonomiplanen ligg det allereie innsparingsrammer på 10 mill.kr i 2025 og 2026 deretter 22 mill.kr. Det er behov for å auka innsparingsmål i høve opphaveleg mandat. Heradsstyret vedtok 22.05.25 nye innsparingsrammer på totalt 38,5 mill.kr i 2025 og deretter 42 mill.kr. Samtidig vart det planlagt for å auka eigedomsskatt på bustad og fritidsbustad med 1 promille, for å auka inntekter med om lag 20 mill.kr. Dette vert fordelt på ulike tenesteområde, og alle må bidra i omstillinga for framtida.
Status per juni 2025 – kva skjer i prosjektet?
Det har skjedd ganske mykje sidan me starta prosjektet hausten 2024. Me starta prosjektet for å gjera naudsynt endring og omstilling for å sikra berekraftig tenester og økonomi. Kva betyr det? Det betyr at tenestene er på eit slikt nivå at me har folk til å gje tenestene og slik at dei vert med rett kvalitet. Berekraftig økonomi handlar om at inntektene er høgare enn utgiftene, altså at me ikkje brukar meir pengar enn me har.
Fyrst trudde me at det var tilstrekkeleg å gjera omstillingar med innsparing tilsvarande 10-22 mill.kr årleg. I overgangen frå 2024 til 2025 har ressursbehovet i spesielt barnevern, skule og barnehage auka veldig. For å auka rammene der må me no auka innsparingskrava til 40-50 mill.kr. Me må altså gjera omstilling for å kunna handtera nye brukarbehov og handtera meirutgifter med å mangla folk. Revidert mandat for prosjektet ligg her: Mandat og prosjektdokument - Voss herad
Med ein totaløkonomi på ca 2 milliardar som me brukar på mange forskjellige tenester og utgifter, så er det mogleg å gjera ting anleis og i fleire tilfelle betre. Det handlar ikkje om å kutta, spara og skjera ned til beinet. Det handlar om å rigga tenestene slik at me brukar folk og pengar rett. I somme tilfelle kan dette innebera å gjera endringar i organisering av tilbod, endra tildelingspraksis, endra struktur, effektivisera, redusera ressursbruk og gå for godt nok, henta ut gevinstar av digitalisering og mykje meir. Her finn du oversikt over kva som er gjennomført eller starta så langt: Økonomirapportering drift
Me har ein ambisiøs plan for å klara dette. I rapport for 1.tertial legg me fram prognose på at me ligg an til vel 14 mill.kr i meirforbruk i høve budsjett medrekna omstillingar. Det viser at me no står i ein situasjon der det er utfordrande å gjennomføra alle omstillingstiltak som me har planlagd for, samtidig så fortset meirforbruk og auka ressursbehov i nokre tenester. Me må halda fram å gjennomføra naudsynt endring slik at me er rusta for framtida.