Bli privat avlastarVil du gjera ein stor forskjell for nokon?Er du god på å skape relasjonar og ynskjer å opne heimen din for andre?Bli privat avlastar for born og unge som har nedsett funksjonsevne! Sist endra 15.02.2024 13.10 Som privat avlastar opnar du opp heimen din for eit born som har behov for tryggleik, stabilitet og omsorg. Dette gjev pårørande rom for kvile og fritid.Privat avlasting er eit kommunalt tilbod om pårørandestøtte.LønDu vert løna i tråd med vedtak som er fatta ut frå pårørande sitt behov for avlastning. Behovet kan variera mellom enkeltdagar, føremiddag/ettermiddag, helgeavlastning eller kortare dagar.Kr. 101,- pr. timeI tillegg får du dekt utgifter for barnet:Kr. 233,- per døgn for born under 10 årKr. 306,- per døgn for born over 10 årTa kontakt for ein uforpliktande samtale dersom dette kan vera noko for deg!