Bli støttekontaktHar du litt tid til overs? Ynskjer du å gjera ein forskjell? Vil du bidra til auka livskvalitet for nokon som treng deg? Me treng støttekontaktar i alle aldrar og livssituasjonar – kanskje er det akkurat deg me ser etter!Kva vil det seia å vera støttekontakt?Som støttekontakt hjelper du eit anna menneske til å få eit meir sosialt og aktivt liv. Du kan:besøka nokon som ikkje kjem seg ut på eiga handvera med på fritidsaktivitetarbidra til meistring og trivsel i kvardagenKva de gjer saman, blir avtalt ut frå ønskje og behov hos den du er støttekontakt for.Kvifor bli støttekontakt?Du får løn frå kommunenDu får ei meiningsfull rolle i eit anna menneske sitt livDet er ei erfaring som er fin å ha med på CV-enDu får høve til å bidra med noko viktig – på dine eigne premissar Kven kan bli støttekontakt? For å bli støttekontakt må du:vere over 18 årkunne leggje fram politiattestDu treng ingen spesiell fagleg bakgrunn. Du får opplæring og oppfølging frå fagfolk i kommunen.Kva ser me etter?Me ser etter deg som:er sosialt engasjerthar evne til å finne på aktivitetarfinn glede i å hjelpe andrekan binde deg over ein lengre periode – for å skape stabilitet for brukarenKven passar du saman med?Interesser, kjønn, alder, personlegdom og erfaring spelar ei rolle når me rekrutterer støttekontaktar.Me legg vekt på å oppfylle brukar sine ønskje og behov, og å skape eit godt og trygt samarbeid mellom brukar og støttekontakt. Les meir om støttekontakttenesta Meir informasjon om Støttekontakttenesta finn du her:Støttekontakt Informasjonshefte til støttekontaktar Informasjonshefte til deg som er støttekontakt finn du her:Informasjonshefte til deg som er støttekontakt (PDF, 633 kB) Slik kjem du i gangRing støttekontaktkoordinator på telefon 918 74 219 for ein uforpliktande samtale.Send søknadsskjema per postSøk elektronisk om å bli støttekontakt her