Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Jobba i Voss herad? Me treng deg!
Open søknad
Finn du ikkje aktuelle ledige stillingar å søkja på, men ynskjer deg ein jobb i heradet? Seind oss ein open søknad.
Open søknad og CV sender du til: jobb@voss.herad.no