Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Kva er ein barne- og ungdomsarbeidar?
Ein barne- og ungdomsarbeidar jobbar med å legga til rette for og gjennomføra ulike pedagogiske tilbod for born og ungdom. Målet er å styrke born og unge si sjølvkjensle og identitet.
Barne- og ungdomsarbeidaren jobbar med grupper og enkeltpersonar med ulik bakgrunn og ulike føresetnader i livet. Planlegging og gjennomføring av aktiviteten bert gjort med utgangspunkt i den enkelte sitt funksjonsnivå og livssituasjon og for å fremja den enkelte i fysiske og psykiske helse. Aktivitetane kan vera leik, drama, litteratur, song og musikk, forming, friluftsaktivitetar eller daglege gjeremål som matlaging og husarbeid. Barne- og ungdomsarbeidaren jobbar i nært samarbeid med born, ungdom, føresette og kollegaer.
Kvar kan du jobba?
Barne- og ungdomsarbeidaren jobbar i alle arenaer der born og ungdom ferdast, barnehage, barneparkar, skular, SFO, fritidsklubbar og andre førebyggande tiltak i kommunale etatar.
Personelge eigenskapar
Som barne- og ungdomsarbeidar er du interessert i å jobba med born og ungdom. Du mår vera open og samarbeidsvillig, vera forståingsfull og du må kunne kommunisere med folk i ulike livssituasjonar og bakgrunn. Du må og kunne jobba sjølvstendig og vera ansvarsbevisst. Barne- og ungdomsarbeidaren må ha kunnskap og mennesket og om kva som påverka mennesket si åtferd og livssituasjon.
Helsefagarbeidar
Kva er ein helsefagarbeidar?
Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasient og brukara av helse og sosialtenesta. Helsefagarbeidaren si viktigaste oppgåver behandling og rehabilitering, men og førebygging av sjukdom hjå pasienten. Som helsefagarbeidar hjelper du pasienten eller klienten med daglege gjeremål, som personleg hygiene, klesskifte og måltid, i tillegg til å gje behandling. Som helsefagarbeidar har du ein spanande jobb om gjev deg mange moglegheiter. Du kan jobbe med både yngre og eldre menneske.
Helsefagarbeidar er eit yrke for framtida. Voss herad skissera eit stort behov for nye stillingar innan helse og velferd fram mot 2035.
Kvar kan du jobba?
Helsefagarbeidaren jobbar ved somatiske eller psykiatriske sjukehus, ved barne- og ungdomspsykiatriske avdelingar, ved alders- og sjukeheimar, i dei heimebaserte tenestene eller i kommunen si helse- og sosialteneste.
Personlege eigenskapar
Personleg eigenskapar i yrkesutøvinga er særs viktig. Du må kunne bry deg om, vise omsorg og respekt, og ta omsyn til andre menneske. Du må vera pliktoppfyllande, påliteleg og ta ansvar. Du bør kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre
Byggdriftfaget
Kva er ein byggdriftar?
Som byggdriftar er dine sentrale arbeidsområde:
- Foreta dagleg ettersyn ab bygg og ute anlegg og utføra enkle reperasjonar og vedlikehald.
- Drifta lys-, ventilasjon-, varme-, og kjøleanlegg og vatn- og avløpsintallasjonar.
- Betene avfallssystem, alarmsystem og anlegg for brannvarsling og naudstraum forsyning
- Bruka program for forvaltning, drift og vedlikehald og sentral driftskontroll.
Kvar kan du jobba?
Som byggdriftar kan du jobba med å drift og vedlikehalda bygg for ulike kommunale einingar, sjukehus, industribygg og bustadbygg. Byggdriftfaget byggjer på og vidareutviklar vaktmeister yrket.
Personlege eigenskapar
Ein byggdriftar må kunne jobba planmessig og effektivt. Byggdrftaren skal vera ein ressurs for eigar og brukara av bygningar og skal kunna rekvirera ekstern kompetanse ved behov. Gode ferdigheiter innan service og kommunikasjon er difor sentrale eigenskapar.
IKT-servicefaget
Kva er IKT-servicefaget?
Som IKT-servicemedarbeidar jobbar du med drift og brukarstøtte, opplæring og rådgjeving relatert til arbeidsplassen sine IKT-løysingar og IKT-infrastruktur.
Vanlege arbeidsoppgåver for IKT-servicemedarbeidaren: Hjelpa andre personar på arbeidsplassen med datafaglege spørsmål og problemstillingar. Vera med på å installera, drifta og vedlikehalda nettverk og programvare bedrifta nyttar seg av. Syta for at bedrifta har eit godt digitalt arbeidsmiljø – kan hende at du må halde kurs, eller gje råd og opplæring i bruk av IKT-system. Det er naudsynt for IKT-servicemedarbeidaren å til ei kvar tid vera oppdatert på ny teknologi, nye IT-løysingar og arbeidsverktøy.
Kvar kan du jobba?
IKT-servicemedarbeidaren er tilsett i små og store bedrifter. Du kan vera del av eit IKT-team på ein stor arbeidsplass, eller fungera som einast IKT-medarbeidaren i ei lita bedrift. Det er stort behov for IKT-kompetanse både i offentleg og privat sektor
Personlege eigenskapar:
IKT-servicemedarbeidaren må ha høg kompetanse innan data og IKT. Du vil ha mykje kontakt med både medarbeidarar, kundar og leverandørar, og du må vera flink til å kommunisera, formidla og samarbeida. Du må arbeide systematisk og nøyaktig, og vera i stand til å finna informasjon og løysingar på problem. I mange tilfelle må du kunna snakka teknisk engelsk, då brukar rettleiingar ofte er engelskspråkleg. Evna til å takle omstilling og endring i eit fagfelt i stadig utvikling er naudsynt. Du må halda deg oppdatert, og vera flink til å nytta deg av kunnskapen din.