Møt våre lærlingar

Eli Hamre

Lærling i helse og omsorg.

– Det er ikkje noko å lura på, det er berre å bli lærling! Ein får god oppfølging i Voss herad og det er eit godt arbeidsmiljø.

 

Andrea Nordbø Gjetle

Lærling i helse og omsorg.

– Når eg er ferdig med to år som lærling har eg eit fagbrev og ei utdanning. Ein får løn som lærling, du vil stiga i løn i læreperioden og du vil få større ansvar og sjølvstende. 

 

 

– Fagbrev for meg betyr at eg har fått mykje kompetanse og lært masse. Med fagbrev stillar ein sterkare. Eg er 20 år, har ei utdanning og kan bokstavleg talt arbeida over alt.

 

Ilona Marie Solheim

Ilona Marie har nyleg bestått fagprøven som barne- og ungdomsarbeidar. 

– Eg valde å bli lærling i barne og ungdomsarbeidar faget fordi eg har eit stort hjarte for barn og unge.