Dersom du har oppretta ein brukar i Easycruit, loggar du deg på med denne. Har du ikkje brukar, anbefaler me at du opprettar ein brukar for å søkja på ein stilling. Dersom du søkjer utan å oppretta ein brukar blir ikkje opplysningane lagra til ein eventuell neste gong du søkjer jobb i Voss herad.
Når du kjem inn på ein stilling ligg søkjeknappen oppe til høgre. Dersom stillinga gjeld fleire avdelingar må du fyrst trykkje på aktuell avdeling og deretter vil søkjeknappen visa. Vidare må du huka av for at du aksepterar personvernvilkåra og trykka neste. Du kjem då vidare til sida der du legg inn CV, søknad, informasjon om deg sjølv, utdanning, arbeidserfaring osb. Nedst på sida kan du oppretta konto, men dersom du ikkje ynskjer det kan du også berre trykka neste og dermed søkja utan å vera innlogga.
For å leggja inn vitnemål og attestar, trykkjer ein på "legg til" under "utdanning" eller "arbeidserfaring" og får vidare moglegheit til å lasta opp vedlegg.
Me gjer merksam på at
- Inaktivitet i meir enn 20 minutt fører automatisk til utlogging. Søknadsprosessen bør difor fullførast.
- Det er høve til å lima inn tekst i søknadsbilete frå andre program, til dømes Word
- Opplysningane du registrerar inn på den søknaden vil verta liggjande i vår database slik at desse kan nyttast ved seinare høve.
Me opplever dessverre til tider at korrespondanse frå Easycruit går til mottakar sin søppelpost. Me ber deg difor om å sjekka den i tillegg til innboksen din.