VossaROS 2023

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap. Denne rolla er tydeleggjort gjennom kommunal beredskapsplikt som pålegg den enkelte kommune å arbeida heilskapleg og systematisk med samfunnssikkerheit og beredskap. Kommunal beredskapsplikt er heilskapleg og sektorovergripande. 

Grunnlaget for eit godt kommunalt samfunnssikkerheitsarbeid er medvit og kunnskap om risiko og sårbarheit gjennom ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse). ROS-analysen skal gje kunnskap om kva risiko og sårbarheit som finst i Voss herad. Analysen skal vidare brukast til å redusera sannsynet for at ei uønskt hending skjer, og for å redusera konsekvensar dersom ei uønskt hending skjer.

VossaROS 2023 vart vedteken i Voss heradsstyre den 20. juni 2023.

Sjå VossaROS 2023 her (PDF, 2 MB)