Eigarskapspolitikk, eigarskapsmelding og eigarstrategiar skal fylgjast opp for å sikra ei god utvikling av selskapa. Heradsstyret, formannskapet, rådmannen og kontrollutvalet har viktige og ulike roller i dette arbeidet:
Heradsstyret
- Vedtek kommunen sin eigarskapspolitikk, eigarskapsmelding og eigarstrategiar.
- Vedtek oppretting og avvikling av eit kommunalt selskap, vel representantar til eigarorgana.
- Vedtek oppretting og avvikling av eit kommunalt føretak, vel styre og fastset vedteker.
- Utgjer generalforsamlinga i KF. Kan ta inn i vedtektene at visse vedtak må godkjennast av heradsstyret. Handsamar økonomiplan, årsbudsjett og årsmelding/ rekneskap for KF.
- Kan instruera styremedlemmer i representantskap. Styremedlemmer i aksjeselskap kan berre styrast innafor rammene til eigarskapsmeldinga og/ eller i konkrete vedtak knytt til særlege saker.
Formannskapet
- Utgjer kommunen sitt eigarorgan. Ordførar har fullmakt til å møta som kommunen sin representant i selskap og samanslutningar der kommunen er medeigar eller har andre interesser, og der heradsstyret ikkje har valt eigne representantar. Er ordføraren forhindra til å møta går tilsvarande fullmakt over til varaordføraren, og i neste omgang til rådmannen.
- Får årsmeldingar som referatsaker til formannskapet sine møter.
- Innstiller til heradsstyret i saker som handlar om kommunen sin eigarskap.
- Gjennomfører eigarmøte med selskap og føretak.
Rådmannen
- Set i verk heradsstyret sin vedtekne eigarskapspolitikk.
- Lagar framlegg til eigarstrategiar til politisk handsaming.
- Etablerer rutinar for løpande eigaroppfølging; styringsdialog med styre, rutinar for styreval, førebuing til møte i eigarorgan, eigarmøte i formannskapet m.m.
- Legg til rette for politisk eigarstyring av selskapa, og bidreg til å vidareutvikla kommunen sin eigarskapspolitikk gjennom årleg handsaming av eigarskapsmeldinga.
- Har ikkje instruksjons- og omgjeringsmynde overfor styret eller dagleg leiar i interkommunale selskap og aksjeselskap, og har med det ikkje ei formell rolle i styringa av dei kommunale selskapa.
Kontrollutvalet si rolle - utøving av tilsyn og kontroll
Kommunelova gjev kontrollutvalet ansvar for å sjå etter at det vert ført kontroll med forvaltninga av kommunen sine interesser i selskap mm. Denne bestemminga må sjåast i samanheng med kontrollutvalet si og revisor si innsynsrett i selskap som er heileigde av kommunar[1]. Nærmare bestemmingar om korleis kontrollutvalet skal utøva ansvaret er skildra i kontrollutvalsforskrifta[2].
Kontrollutvalet er mellom anna pålagt å utarbeida ein plan for selskapskontroll for å føra kontroll med kommunen sine eigarinteresser.
[1] Innsynsretten er regulert i § 80, og omfattar Interkommunale selskap (IKS), interkommunalt samarbeid (KL § 27) og aksjeselskap som er heilt ut eig av kommunar og fylkeskommunar. I selskap som er deleigd av kommunar og fylkeskommunar (dvs med private eller statlege interesser) kan innsynsrett avtalast.
[2] Forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar av 15.06.04 har eit eige kapittel 6 som omhandlar selskapskontroll.