Verksemder har ei viktig samfunnsrolle og påverkar samfunnsutviklinga og nærmiljøet som dei opererer i. Voss herad utøver sitt samfunnsansvar gjennom bl.a. etiske retningslinjer, overordna arbeidsgjevarpolitikk og ulike miljøtiltak. Når det gjeld aksjeselskap og interkommunale selskap, er det styret i selskapa og føretaka som har ansvar for å ta hand om samfunnsansvaret. Gjennom vedtekne eigarprinsipp har kommunen klare formuleringar om at alle selskap skal ta eit samfunnsansvar og Voss herad som eigar legg til grunn at alle styre tek samfunnsansvar og at det er integrert både i dagleg drift og i strategiar.
Samfunnsansvaret handlar om å ta sosiale og miljømessige omsyn ut over det som er pålagt ved lov. Selskapa skal utvikla eigne haldningar på område som etikk, førebygging av korrupsjon, miljø, likestilling og integrering. Opne forhold omkring kommunen sitt eigarskap er viktig av demokratiske omsyn. Alle viktige saker som handlar om endringar i kapital, mål eller har budsjettkonsekvensar skal leggjast fram for heradsstyret. Voss herad vil i årsmeldinga visa ei oversikt over samla portefølje av selskap og det skal vera nøkkeltal for kvart selskap.
I tillegg til det generelle ansvaret, er det nokre forhold som kommunen legg vekt på i dialog med selskap og som kommunen ventar at styret tek med i sine vurderingar:
Arbeidsgjevarpolitikk
Arbeidsgjevarpolitikken til Voss herad gjev føringar for korleis eit selskap skal gjennomføra konkrete tiltak innan HMS, lønnspolitikk, rekruttering, leiarutvikling, mangfald og inkludering, kompetanseutvikling m.m. Kommunen legg til grunn at alle selskap har ein god arbeidsgjevarpolitikk og at denne vert følgt opp på ein systematisk og tillitsvekkjande måte.
Miljø
Voss herad forventar at alle selskap tek miljøansvar. Arbeid med miljøspørsmål i eit selskap må vera systematisk og dekkja heile verdikjeda i verksemda. Mål, gjennomføring og evaluering av miljøarbeid må koma fram. Selskap og føretak er ulike når det gjeld i kva grad dei påverkar ytre miljø. Dette vil nødvendigvis påverka kor omfattande rutinar og system dei ulike selskapa må utvikla for å sikra at verksemda tek nødvendige miljøomsyn.
Etikk
Kommunale selskap forvaltar fellesskapet sine ressursar. Forvaltinga skal skje på ein måte som samsvarar med befolkninga sine oppfatningar om rett og gale. Kommunane sitt omdøme er påverka av korleis ein forvaltar samfunnsansvaret sitt gjennom bedriftene sine. Etikk er ein viktig del av å driva eit selskap, fordi dei etiske haldningane legg grunnlaget for korleis ein faktisk handlar. Etiske retningslinjer bør derfor utarbeidast i dei einskilde selskap. Retningslinjene bør diskuterast og eventuelt reviderast årleg.
Korrupsjon
Voss herad ventar at selskap kommunen har eigardel i har nulltoleranse for korrupsjon. Strenge krav til opne forhold i eit selskap er effektivt verkemiddel mot korrupsjon. Kommunen er oppteken av at selskap som kommunen har eigarinteresser i, er opne om dilemma knytt til korrupsjon, interessekonfliktar og inhabilitet. Kommunen har reglar, rutinar og system som gjev styring og kontroll med kommunen si forvaltning av verdiane til fellesskapet.