Indre Hordaland Miljøverk (IHM)

IHM er blitt ein del av BIR Voss Hardanger frå 2024. Nettsida vil bli oppdatert. 

Verksemda: 
Indre Hordaland Miljøverk (IHM) er eit interkommunalt selskap, skipa av kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss med heimel i kommunelova § 27. Verksemda vart omdanna til eit interkommunalt selskap, registrert 20.11.2002 med dei same deltakarane. I 2020 meldte Ullensvang og Jondal seg ut av verksemda i samband med kommunereforma.

IHM utfører oppgåver innan avfallssektoren som kommunane er pålagde etter forureiningslova. Desse oppgåvene er delegerte til IHM ved selskapsdanninga. Gjennom dei etablerte ordningane for gjenvinning og slutthandsaming arbeider IHM for å nå dei mål som styresmaktene har sett for avfallspolitikken. Det vert også arbeidd for å påverke rammevilkåra når IHM meiner det er til gagn for bransjen og selskapet. IHM arbeider også innan tilgrensande område og er opptatt av næringslivet si haldning til – og utnytting av ressursar.

 

Føremål:
Føremålet med selskapet er at dette skal overta medlemskommunane sine rettar og plikter etter gjeldande lover og føresegner for renovasjon og avfallsbehandling, slik som: minimering, sortering og gjenvinning av avfall, oppsamling, innsamling og transport av avfall og behandling av restavfall. Ansvar, rettar og plikter kan overførast stegvis. Selskapet skal legge særleg vekt på økonomisk og miljøvenleg drift i alle ledd i avfallsbehandlinga. Selskapet kan søkje samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap der dette er naturleg. 

Kontakt

Indre Hordaland Miljøverk (IHM) IKS

www.ihm.no

Kort om
Føretaksnummer: 971 155 876
Stiftingsår: 1994
Eigardel Voss herad: 88,86%
Andre eigarar: Eidfjord kommune (5,08%) og Ulvik herad (6,06%) 
Tal tilsette: 42
Stiftingskapital: 100.000

 

Leiing og styre
Dagleg leiar: Jon Grønsberg
Styre: Stein Kvarekvål (styreleiar), Marta Tveit (nestleiar), Anne Rivenes, Anton Langeland, Ronny Lundestad, Øystein Ormåsen (vara), Irene Stana (vara), Kjellaug Hoås Samland (vara), Kari Sandøy Jarman (vara) og Gunnar Elnan (vara)

Representantar frå Ullensvang herad går ut av styret 1. januar 2021.