Politisk organisering i Voss herad

Voss herad skal styrast etter formannskapsmodellen. Heradsstyret på Voss skal ha 43 representantar.

Formannskapet skal ha ni medlemar.

Ved val til faste utval og råd bør det vera gjennomgåande representasjon. Det tyder at det er medlemane i heradsstyret som bør vera medlemar i utvala og i råda.

Voss herad skal ha tre faste utval etter (§ 5-7 i kommunelova):

  •  Utval for levekår 
  •  Utval for klima og miljø
  •  Utval for kultur og næring

Utvala skal ha ni medlemar kvar. Dei har vedtaksmynde innan sine område, og har innstillingsrett til formannskap og heradsstyre.

Voss herad skal ha:

  • Kraftfond
  • Kontrollutval
  • Administrasjonsutval
  • Valstyre
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Ungdomsråd
  • Innvandrarråd
  • Valnemnd
  • Røystestyre
  • Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt
  • Klageutval for eigedomsskatt
  • Klagenemnd
  • Barnerepresentant etter plan og bygningslova

Kraftfondet skal ha ein medlem frå formannskapet, ein medlem frå kvart av dei tre faste utvala, og fem representantar frå heradsstyret, totalt ni medlemar.

Heradsstyret vel eit kontrollutval med fem medlemar. Eit av medlemane skal sitja i heradsstyret.

Administrasjonsutvalet er samansett av formannskapet og to tillitsvalde.

Formannskapet er Valstyre.

Eldrerådet har sju medlemar, der to er valde frå heradsstyret.

Innvandrarrådet har sju medlemmer, der to er valde frå heradsstyret.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har sju medlemar, der to er valde frå heradsstyret.

Det vert oppretta Ungdomsråd, med tolv medlemar.

Valnemnda vert sett saman av ein medlem frå kvart parti i heradsstyret.

Det skal vera Røystestyre for kvar valkrins, med minst tre medlemar.

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt skal ha tre medlemar.

Klageutval for eigedomsskatt skal ha fem medlemar.

Det vert vald ei klagenemnd med fem medlemar.

Rådmann kjem med framlegg til heradet sin Barnerepresentant etter plan og bygningslova.

 

Rådmannen må planlegga tilstrekkeleg administrative ressursar til sekretariata for utval, råd og nemnder.