Involvering og lokaldemokrati

Involvering og lokaldemokrati

Voss herad vert ei stor geografisk eining med mange grender og lokalsentra. Avstanden mellom innbyggjarane og dei folkevalde vert større, jo større kommune. Dette er viktig å ta omsyn til, og difor vert det lagt til rette for ulike former for involvering for å styrka lokaldemokratiet.

Lokal samfunnsutvikling i Voss herad

For å sikra brei deltaking frå alle delar av heradet, vil det kunne etablerast grendautval i ulike delar av kommunen. Grendautvala kan ta utgangspunkt i allereie etablerte grendalag eller heradet kan ta del i etablering av nye grendalag.

Samansetjing av grendautvala er det opp til utvala og sjølv bestemma, men det skal vera ein kontaktperson frå heradet som syter for kommunikasjonen mellom grendautvala og heradet.

Framlegg til tiltak/prosjekt som er ynskjeleg å setja i gang kan grendautvalet sjølv ta initiativ til, eller dei kan formidla initiativ frå andre. Oppgåvene til grendautvalet vil vera å prioritera tiltak, oppretta kontakt med heradet og ha kontakten med heradet i gjennomføring av prosjekt.

Grendeutvala styrer aktiviteten sin sjølve og kan vera høyringsinstans i aktuelle saker i Voss herad. 

For å bygga oppunder aktivitet og initiativ i Grendeutvala, vil Voss herad stilla opp som prosessrettleiar og samarbeidspart, dersom det er utval som ønskjer å starta prosessar for lokal samfunnsutvikling i si grend.

Erfaringane med stadskaping Evanger kan danna basis for korleis ein gjennomføre prosjekt i heradet.

  • Lagar ei gruppe i kommunen der drift, BOE, plan(byggesak) og kultur fritid er med.
  • Varaordførar held kontakt mellom gruppa og Stadskaping
  • Gjennomføringsplan og kva tiltak som skal gjennomførast bør leggast fram i god tid før gjennomføring for den interne gruppa i kommunen
  • Avklara bruk av areal og eventuelle løyve som må vera på plass
  • Avklara kva kostnader det ligg for kommunen og korleis dette skal finansierast
  • Avklara kva fysiske tiltak kommunen må bidra med før-/ under dugnaden/tiltaket
  • Avklara kven som skal ta framtidige drifts og vedlikehaldskostnader med tiltak Stadskaping set i gang

 

Innbyggjarframlegg (kommunelova § 12-1)

Innbyggjarane i kommunen kan fremja framlegg som gjeld verksemda til kommunen. Heradsstyret pliktar å ta stilling til framlegget dersom minst to prosent av innbyggjarane står bak det. Likevel er 300 underskrifter i kommunen alltid tilstrekkeleg.

 

Spørsmål frå innbyggjarar

Personar som er busette i Voss herad kan stilla spørsmål til heradsstyret. Spørsmål kan stillast av ein sjølv, på vegne av annan person, organisasjon eller ei verksemd. Spørsmåla bør i hovudsak gjelda kommunale tilhøve og vera av allmenn interesse for kommunen sine innbyggjarar. Spørsmål om einskildsaker etter forvaltingslova, saker på sakslista til det ordinære heradsstyremøtet eller saker som gjeld heradsstyret sin arbeidsgjevarfunksjon, er ikkje tema for spørsmål frå innbyggjarane.

Spørsmåla skal vera innleverte til kommunen sitt postmottak skriftleg (brev eller e-post) seinast 3 dagar før møtet. Spørsmålet vert lese opp av spørsmålsstillaren. Ordførar/ varaordførar/ rådmann svarar på spørsmål til kommunen.

Spørsmåla skal vera korte og ikkje overstige 3 minuttar. Svartid skal også haldast innan ei ramme på 3 minuttar. Den som stiller spørsmålet har høve til eit kort tilleggsspørsmål eller replikk, og den som svarar ein tilleggskommentar til dette. Begge innan makstid 1 min. for kvar.

Representantar og vararepresentantar i heradsstyret, hovudutvala og kommunale tenestemenn inkludert tillitsvalde, har ikkje høve til å stilla spørsmål.