Når me byggjer organisasjonen Voss herad, må me fastsetja nokre organisatoriske målsetjingar som skal hjelpe oss å halda ein stø kurs framover, ein raud tråd i organisasjonen:
- Tillitsskapande organisasjon med høg måloppnåing
- Profesjonelle og med høg etisk standard
- Evne og kapasitet til strategisk leiing og styring
- Stabs- og støttefunksjonar med rett storleik, og ei organisatorisk plassering som fremjar heilskap, effektivitet og fagleg tyngde
- Organisering etter målgrupper
- Effektiv og kvalitativ tenesteyting med god brukarinnsikt
- Effektiv, tilgjengeleg og rettvis forvalting
- Voss herad har ei heilskapleg og koordinert areal-, samfunns- og tenesteutvikling som legg vekt på gode arbeidsprosessar på tvers av fag- og tenesteområda
- Pålitelege og med høg gjennomføringskondis
- Kommunikasjonen skal vera open, transparent og ha eit klart språk
- Skapande og inkluderande arbeidsgjevar med myndiggjorde leiarar og medarbeidarar
Innovativ og endringsdyktig organisasjon med høgt meistringsklima og kultur for kontinuerleg forbetring.
Arbeidsmiljø prega av motivasjon, arbeidsglede og «me»-kultur.
Kva er det viktigaste for Voss herad?
Det overordna målet med den politiske organiseringa av Voss herad er å skapa gode tenester og ei ope forvaltning bygd på tillit og dialog.
Heradet ynskjer attraktive og dynamiske politiske utval med innbyrdes klart definerte ansvarsområde. Arbeidet i heradet må byggja på tydeleg formulerte rollar for politisk og administrativt nivå. Det er heilt avgjerande for at heradet skal levera i samsvar med måla, at rollane og rolleforståing blir kommunisert eksternt og internt.
Voss herad skal ha fokus på fylgjande:
- Samfunnsutvikling og næringsarbeid
- Klima og miljø – «Det grøne skiftet»
- Digitalisering
- Folkehelse
- Inkludera frivillige
- Bygga ein kommune der politikarane styrer og legg føringar for kommunen si utvikling framover.
- Gjera politikken spanande og skapa handlingsrom
Viktige prinsipp for å skape attraktive utval
Alle utvala har delegert vedtaksrett og innstillingsrett direkte til heradsstyret.
Eit felles politisk sekretariat tek hand om alle utvala.
Lokalpolitisk arbeid skal vera meiningsfullt for lokalpolitikarane. Det skal vere:
- tidleg informasjon om saker som skal handsamast
- rimeleg mengde saker til drøfting i heradsstyret og utvala
- informasjon til politiske organ om korleis saker og vedtak vert handsama vidare og gjennomførde
- kontakt og samspel med innbyggjarane i valperioden
- lett tilgjengelege sakspapir digitalt
- møtetider som passar for flest mogleg
God samhandling mellom politikarar og administrasjon, der politikarane si hovudoppgåve er å legge premissane for korleis kommunen skal styrast. For å oppnå dette skal:
- politikarene få tidleg kjennskap til saker som vert vurdert av administrasjonen
- politikarane ha eit aktivt forhold til vedteke budsjett, tiltak og overordna planar
- det vera enkelt å få sett saker på agendaen
Rutinar for betre innsikt i saksområda og betre høve til å skapa politikk:
- Kvart utval lagar årshjul for utvalet, med oversikt over aktuelle saker og høve til å prioritera saksområde.
- Målsetjing om to temamøte pr. år i heradsstyret og i kvart av dei faste utvala
- Årsmelding frå kvart utval, som inneheld ei kort oppsummering av kva ein har gjort gjennom året (sjå reglement).
- Aktuelle verksemdsplanar bør leggjast fram til orientering i dei ulike utvala.
- større politiske saker som skal handsamast, bør meldast til aktuelt utval, helst med kort notat, slik at det vert høve til ei kort drøfting av sentrale problemstillingar.
- Alle brev og saker der heradet er høyringsinstans skal førast på referatlista for aktuelle utval, gjerne supplert med samandrag, som grunnlag for avgjerd om vidare sakshandsaming.
- I større saker bør saksordførar utpeikast før saka er ferdig handsama i administrasjonen. Saksordførar får høve til å delta på orienteringsmøte o.l.
- Alle utval skal leggje til rette for meir uformelle spørsmål; «open time», i byrjinga eller slutten av møtet. I tillegg til at spørsmål og svar vert referert i møteprotokoll, skal uavklarte spørsmål og svar, eller ikkje ferdighandsama saker, loggførast og status ajourførast i komande møte inntil saka er utført.