Reglement for Administrasjonsutvalet

Reglement for Administrasjonsutvalet

Samansetjing og val

Kommunen skal ha eit partssamansett utval som handsamar saker som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette (jf. kommunelova § 5-11). Utvalet er samansett av medlemane i formannskapet og to representantar frå tillitsvalde. Leiar og nestleiar skal veljast av heradsstyret.

Arbeidsområde

Administrasjonsutvalet er heradet sitt utval i personal- og organisasjonssaker og har som arbeidsområde dei oppgåver som har samband med heradet sin arbeidsgjevarfunksjon.

Arbeidsområde for Administrasjonsutvalet omfattar:

  • Rutinar, planar, retningsliner og strategiar
  • Arbeidsgjevarpolitikk
  • Handsama KS sitt årlege debatthefte

I saker der administrasjonsutvalet utøver si rolle som arbeidsgjevar, t.d. i spørsmål knytt til lønstingingar, høyringar og uttalar, skal ikkje tillitsvalde vera representerte.

 

Avgjerdsrett

Administrasjonsutvalet har avgjerdsrett i alle saker innan sitt saklege arbeidsområde og etter dei retningsliner som er fastsett i lov og avtale, i medhald av lov og avtale, eller vedteke i heradsstyret m.a.:

  1. Utarbeida og vedta personalpolitiske retningsliner
  2. Vedta retningsliner t.d. etiske retningsliner, varslingsrutine, Akan-reglement
  3. Andre saker som heradsstyret delegerar til utvalet

 

Innstilling

Utvalet har innstillingsrett i alle saker innan arbeidsområde til utvalet, som utvalet sjølv ikkje har avgjerdsrett i.

Utvalet vel sjølv mellom sine medlemar ein saksordførar som legg saka fram for heradsstyret.

 

Avgrensingar i avgjerdsretten:

  1. Saker som ved lov er lagd til heradsstyret eller andre organ å avgjera
  2. Saker som heradsstyret sjølv har bestemt skal avgjerast av heradsstyret
  3. Saker som omfattar fleire utval
  4. Vesentlege og prinsipielle saker må vurderast i kvart høve

 

Mindretalsanke

Eit mindretal på minst tre medlemar kan bringa ei kvar sak inn for heradsstyret som ikkje gjeld einskildvedtak.

 

Meldingar/ rapport.

  1. Utvalet legg fram rapporter som heradsstyret ber om.