Reglement for Kontrollutvalet

Reglement for Kontrollutvalet

Samansetjing og val

Heradsstyre vel medlemar til kontrollutvalet. Utvalet har fem medlemar og ein av desse skal vera representant i heradsstyret. Medlemane og varamedlemane i kontrollutvalet kan ikkje vera representerte i andre politiske utval. Leiar for utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller høyre til same gruppe som ordføraren.

Utvalet er heimla i kommunelova § 23 og Forskrift om kontrollutval.

Arbeidsområde

Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på heradsstyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som heradet har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

 

Sekretariat § 23-7

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Dei pliktar å følgja utvalet sine retningsliner og pålegg.

Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet kan ikkje leggast til kommune-administrasjonen eller til revisjonen.

 

Mynde

Leiar for kontrollutvalet har møte- og talerett i heradsstyret når utvalet sine saker vert handsama.

Kontrollutvalet kan krevja at heradet legg fram alle opplysingar, utgreiingar og  dokument som er naudsynt for at utvalet kan utføre sine oppgåver. Kontrollutvalet kan gjennomføra undersøkingar dei finn naudsynt.

 

Meldingar/ rapport

Kontrollutvalet skal rapportera resultata av sitt arbeid til heradsstyret. Plan for forvaltingsrevisjon og eigarskapskontroll skal leggjast fram for heradsstyre til vedtak.