Reglement for Utval for kultur og næring

Reglement for Utval for kultur og næring

Samansetjing og val

Utvalet skal ha ni medlemar. Alle medlemane skal som hovudregel veljast av, og mellom, representantane i heradsstyret, leiar og nestleiar skal veljast av heradsstyret.

Arbeidsområde

Arbeidsområde til Utval for kultur og næring omfattar:

  • Kultur
    • Bibliotek
    • Kulturmidlar, tilskot og stipend, spelemidlar, kulturpris og utmerkingar, museum og idrettsanlegg, arrangementskommune
    • Kulturskule
  • Lag og organisasjonar
  • Næring
    • Næringsutvikling, marknadsføring, næringsareal, Verksemdspris,
    • Landbruksforvalting/ konsesjonssaker
    • Overordna rammer for Kraftfondet.
    • Skjenkesaker
  • Veg inkl. namn, parkering og fond
  • Bustadforvalting (utleige, kommunale bygg og oppfyljing)
  • Temaplanar innan feltet

 

Dersom det er tvil kvar ei sak høyrer heime, avgjer ordføraren kva utval som skal handsame saka.

 

Avgjerdsrett

Utvalet har avgjerdsrett i alle saker innan sitt arbeidsområde med dei avgrensingar som er gjeve.

 

Innstilling

Utvalet har innstillingsrett i alle saker innan arbeidsområde til utvalet, som utvalet sjølv ikkje har avgjerdsrett i.

 

Utvalet vel sjølv mellom sine medlemar ein saksordførar som legg saka fram for heradsstyret.

 

Avgrensingar i avgjerdsretten:

  1. Saker som ved lov er lagd til heradsstyret eller andre organ å avgjera
  2. Saker som heradsstyret sjølv har bestemt skal avgjerast av heradsstyret
  3. Saker som omfattar fleire utval
  4. Vesentlege og prinsipielle saker må vurderast i kvart høve

Mindretalsanke

Eit mindretal på minst tre medlemar kan bringa ei kvar sak inn for heradsstyret som ikkje gjeld einskildvedtak.

Meldingar/ rapport.

  1. Det skal utarbeidast årshjul og årsmelding frå utvalet. Dette skal leggjast fram for heradsstyret.
  2. Utvalet legg fram rapporter som heradsstyret ber om.

 

Årshjul

Kvar enkelt utval skal laga eit årshjul der det kjem fram kva saker som fast vert handsama i utvalet. Vidare skal årshjulet innehalda temamøte som utvalet ynskjer å halda i året som kjem. Saker som budsjett og økonomiplan bør vera ein del av dette, slik at utvala sine innspel vert ein del av budsjett- og økonomiplanprosessen. Teamplanar som skal lagast, reviderast eller rapporterast frå, bør vera del av årshjulet. Utvala bør òg tidleg vurdera om dei ønskjer informasjon frå eksterne og om utvala skal gjennomføra enkelte av møta sine i samband med synfaringar til deler av kommuneorganisasjonen som dei har ansvar for.

 

Årsmelding

Kvart utval skal årleg laga ei kort årsmelding med oversikt over aktiviteten det siste åra. Tal saker, kva som har vore dei store sakene og saker som ein ventar kjem i året ein går inn i. Årsmelding frå dei enkelte utvala ligg som vedlegg til den ordinære årsmeldinga for Voss herad.

 

Årsmelding frå utvalet skal innehalda:

  • Tal saker som har vore handsama:
  • Store/omfattande saker med stor interesse mellom innbyggjarane:
  • Saker ein reknar med kjem opp til neste år:
  • Kort oppsummering/vurdering av arbeidet i utvalet i året som ligg bak oss: