Rettar og plikter for folkevalde

Rettar og plikter for folkevalde

Medlemar av eit kommunalt eller fylkeskommunalt folkevald organ pliktar å delta i organet sine møter, dersom ein ikkje har lovleg forfall, kommunelova § 8-1.

Arbeidstakar har krav på fri frå sitt arbeid når det er naudsynt for å oppretthalde møteplikta i folkevald organ. Arbeidstakar har også rett på permisjon frå arbeidet sitt i fire år, eller for resten av perioden, dersom ein har kommunalt eller fylkeskommunalt verv på heiltid, kommunelova § 8-2.

Kommunale møte

Heradsstyret og utvala har ein fast møtedag. Det skal utarbeidast møteplan for kvart år. Fylgjande råd og utval skal vera med i planen:

  • Heradsstyret
  • Formannskapet
  • Utval for kultur og næring
  • Utval for levekår
  • Utval for klima og miljø
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Ungdomsråd

Administrasjonen utarbeider endeleg møteplan innan 1. desember.

Møtet bør ikkje vara meir enn 4 timar. Dersom det er lita saksmengd, kan tillyst møte avlysast.

 

Opplæring for folkevalde

  1. I byrjinga av kvar valperiode blir det arrangert folkevaldopplæring. Opplæringa skal m.a. omhandla rolla som folkevald og rammer for politisk arbeid.
  2. Opplæringa er obligatorisk og deltakarane får refusjon for tapt arbeidsforteneste etter gjeldande reglar.

 

Representasjon

Som hovudregel er det ordførar, varaordførar eller utvalsleiar som utfører representasjonsoppgåver for Voss herad. Dersom andre skal utføra denne type oppdrag skal det avklarast med den det gjeld og ordførar. Heradsstyret, råd eller utval kan ikkje velja medlemar til å representera utan at dei har innhenta samtykke.

Det vert gitt reisegodtgjersle og eventuelt tapt arbeidsforteneste i samband med denne type oppdrag.