Delegeringsreglement

Vedteke av heradsstyret i sak 50/25 - 13.06.2024
Oppdatert i tråd med vedtak i heradsstyret sak 140/25 – 11.12.2025

For å sikra og utvikla eit funksjonsdyktig og levande lokaldemokrati, ei rasjonell og effektiv forvaltning, samt borgarane sine rettar, er det naudsynt å delegera mynde og etablera gode klageordningar.

Alle prinsipielle saker skal handsamast av politisk nivå. Prinsipielle spørsmål må avklarast politisk før sjølve saka kan avgjerast administrativt.

Heradsstyret er det høgste organ med overordna ansvar for heile kommunen si verksemd og treff vedtak på vegne av kommunen dersom ikkje noko anna følgjer av lov.

Heradsstyret kan delegera mynde til å treffa vedtak til andre folkevalde organ, ordføraren eller rådmannen innan rammene av kommunelova eller anna lov.

Som generelle avgrensingar i delegeringsfullmakta gjeld følgjande:

  1. Saker som etter lova ikkje kan delegerast.
  2. Saker om nye tiltak som ikkje er heimla i vedteken kommuneplan/økonomiplan eller vesentleg utviding av tidlegare tiltak.
  3. Saker av prinsipiell art.

Kva som er ei “ikkje-prinsipiell” sak, vert avgjort etter ei konkret vurdering i kvar einskild sak, etter fylgjande framgangsmåte:

  1. Ei sak er prinsipiell dersom Rådmannen ynskjer eit vedtak som bryt med den praksis (sedvane) som ligg føre (ynskjer ny praksis), eller som går utover dei retningslinene som ligg føre.
  2. På same måte er saka prinsipiell dersom liknande saker ikkje har vore handsama tidlegare, og vedtaket kan skapa presedens for framtidige saker.
  3. Enkeltsaker der Rådmannen har ei sakleg grunngjeving for å avvika frå forvaltinga sitt likskapsprinsipp skal alltid handsamast i eit politisk organ.
  4. Ei «ikkje-prinsipiell» sak har eit så godt utvikla saksområde, at det ligg føre presedens eller sedvane for kva for vedtak ein skal gjera, opp mot fakta i saka, eller at saksområdet skal handsamast innanfor visse retningsliner. Omgrepet retningsliner nyttast her om lover, forskrifter eller anna skriftleg rettleiing som er utarbeida av forvaltingsorgan til bruk på saksområdet, eller reglement som er vedteke for å nyttast på saksområdet. Er det tvil om kven som skal gjera vedtak i ei sak, har ordførar og rådmann ansvaret for å kartlegge dette. Dersom det framleis er tvil, går saka til politisk handsaming.
  5. Ut over desse punkta har Rådmannen ei generell plikt til å vurdera ei sak ut frå sitt konkrete innhald, for på den måten å avklare om det er ei sak som skal avgjerast politisk eller administrativt.

Delegering til ordførar

Generelt mynde

Ordføraren er den fremste representanten til kommunen og tek seg av dei gjeremåla som er lagde til ordføraren i lover, forskrifter og reglement.

Ordførar vert delegert mynde til å treffa vedtak eller peika ut setjerådmann i saker som er delegert rådmannen i dei tilfelle der rådmannen sjølv og dermed heile administrasjonen er ugild.

Ordførar er rettsleg representant for kommunen og signer på kommunen sine vegne dersom mynde ikkje tildelt andre.

Ordførar, varaordførar og ein frå opposisjonen gjennomfører ein årleg utviklingssamtale med rådmannen. Denne skal ta utgangspunkt i KS sitt hefte: Utviklingssamtale mellom folkevalde og rådmann. Samtalen skal omhandle forventningar, resultatkrav og oppfølging av desse (jf. hefte s. 3). Ordførar skal i forkant ha ein gjennomgang med formannskapet og deretter rapportere tilbake i etterkant. Dette vil skje i lukka møte. Det skal lagast eit offentleg oppsummeringsnotat frå utviklingssamtalen som viser kva mål som er nådd sidan sist samtale og fastset nye mål.

Varaordførar har ordførar sitt mynde i ordføraren sitt fråvær, t.d. ved sjukdom, lengre reiser, feriar o.l.

Delegering til rådmannen

Generelt mynde

Heradsstyret tilset sjølv ein rådmann som skal vera leiar av kommunen sin administrasjon. Rådmannen har møte- og talerett i alle kommunale eller fylkeskommunale folkevalde organ, med unnatak av kontrollutvalet. Rådmannen kan la ein av sine underordna utøva denne retten på sine vegne.

Voss herad praktiserer prinsippet om maksimal delegering av ansvar og mynde til rådmannen under folkevald styring og kontroll. Politisk nivå skal handsama saker av overordna karakter, prinsipielle einskildsaker og saker som etter lovverket ikkje kan delegerast til rådmannen.

Voss heradsstyre delegerer mynde til fastsetjing av skuleruta til rådmannen.

Rådmannen sitt mynde kan vidaredelegerast.

Ved kortare fråvær, t.d. ved sjukdom, lengre reiser, feriar o.l., peikar rådmannen ut fungerande rådmann som har rådmannen sitt mynde.

Delegeringsreglementet er sett opp etter prinsippet ”det som ikkje er nemnd, er delegert” (omvendt prinsipp), men likevel slik at det innan visse sentrale område og fagfelt er gjeve nærare presiseringar.

Rådmannen sitt mynde etter ekteskapslova

Rådmannen er delegert vigselsmynde jamfør ekteskapslova §12 b.

Rådmannen sitt mynde i personalsaker - kommunelova § 13-1

Rådmannen har som øvste leiar av den samla kommuneadministrasjonen, mynde til å oppretta og leggja ned stillingar, og til å treffa avgjerd i personalsaker. Mynde omfattar mellom anna at rådmannen har personalansvaret for den einskilde, inkludert tilsetjing, oppseiing, suspensjon, avskjed og andre reaksjonar, dersom ikkje noko anna er fastsett i lov.

Fullmakt til å underteikne dokument

Rådmannen har med heimel i kommunelova sin § 6-1 nr. 2, mynde til å underteikna på kommunen sine vegne. På same måte som ved underteikning av ordførar, må det liggje føre naudsynt godkjenning ved vedtak i heradsstyret, folkevalde organ eller ved administrative vedtak.

Budsjettsaker

Rådmannen sitt mynde i budsjettsaker går fram av kommunen sitt til ei kvar tid gjeldande økonomireglement og budsjettvedtak.

Vidaredelegering

Rådmannen har høve til å delegera mynde innan dei rammer som går fram av lov eller politisk vedtak. Slik delegering er avgrensa til dei saker og avgjersler som er organisatorisk til vedkommande stilling. I dei tilfelle der rådmannen har delegert direkte til underordna, er det å sjå på som om fullmakt er gjeve via kommunalsjef. Kommunalsjefane har høve til å delegera vidare til underordna så langt ikkje anna går fram av lov, politisk vedtak eller vedtak av rådmannen. På same vilkår som gjeld for kommunalsjefane har mellomleiarar høve til å delegera til tilsette innan eige avdeling. Rådmannen kan krevja ei kvar sak lagd fram for seg til orientering eller avgjerd, også tilsetjingssaker.

Klage og lovlegkontroll

Enkeltvedtak fatta ved delegert mynde i medhald av kommunelova kan verta påklaga etter reglane i forvaltningslova (fvl.) til klagenemnd oppnemnt i medhald av fvl. § 28, 2. ledd. Om lovlegkontroll gjeld reglane i kommunelova kapittel 27.

Tilhøve til heradsstyre og folkevalde organ

  1. Heradsstyret har det øvste ansvaret for å kontrollera kommunen si verksemd.
  2. Heradsstyret kan krevja ei kvar sak lagd fram til orientering eller avgjerd.
  3. Heradsstyret kan gjera om vedtak som er fatta av andre folkevalde organ eller av rådmannen, dersom heradsstyret sjølv kunne gjort vedtaket.

Endring av reglement

Endring av reglementet vert vedteke av heradsstyret. Rådmannen får fullmakt til å gjera mindre redaksjonelle endringar som følgje av endringar i lovverket.

Iverksetjing

Reglementet trer i kraft frå 01.01.25
 

Delegeringsreglement til nedlasting – vedteke  av heradsstyret:

Delegeringsreglement for Voss herad (PDF, 126 kB)