Delegering til ordførar

Delegering til ordførar

Generelt mynde

Ordføraren er den fremste representanten til kommunen og tek seg av dei gjeremåla som er lagde til ordføraren i lover, forskrifter og reglement.

Ordførar vert delegert mynde til å treffa vedtak eller peika ut setjerådmann i saker som er delegert rådmannen i dei tilfelle der rådmannen sjølv og dermed heile administrasjonen er ugild.

Ordførar er rettsleg representant for kommunen og signer på kommunen sine vegne dersom mynde ikkje tildelt andre.

Ordførar, varaordførar og ein frå opposisjonen gjennomfører ein årleg utviklingssamtale med rådmannen. Denne skal ta utgangspunkt i KS sitt hefte: Utviklingssamtale mellom folkevalde og rådmann ( nov. 2012). Samtalen skal omhandle forventningar, resultatkrav og oppfølging av desse (jf. hefte s. 3). Ordførar skal i forkant ha ein gjennomgang med formannskapet og deretter rapportere tilbake i etterkant. Dette vil skje i lukka møte. Det skal lagast eit offentleg oppsummeringsnotat frå utviklingssamtalen som viser kva mål som er nådd sidan sist samtale og fastset nye mål.

Varaordførar har ordførar sin mynde i ordføraren sitt fråvær, t.d. ved sjukdom, lengre reiser, feriar o.l.