Delegering til rådmannen

Generelt mynde

Heradsstyret tilset sjølv ein rådmann som skal vera leiar av kommunen sin administrasjon. Rådmannen har møte- og talerett i alle kommunale eller fylkeskommunale folkevalde organ, med unnatak av kontrollutvalet. Rådmannen kan la ein av sine underordna utøva denne retten på sine vegne.

Voss herad praktiserer prinsippet om maksimal delegering av ansvar og mynde til rådmannen under folkevald styring og kontroll. Politisk nivå skal handsama saker av overordna karakter, prinsipielle einskildsaker og saker som etter lovverket ikkje kan delegerast til Rådmannen.

Rådmannen sitt mynde kan vidaredelegerast.

Ved kortare fråvær, t.d. ved sjukdom, lengre reiser, feriar o.l., peikar rådmannen ut fungerande rådmann som har rådmannen sitt mynde.

Delegeringsreglementet er sett opp etter prinsippet ”det som ikkje er nemnd, er delegert” (omvendt prinsipp), men likevel slik at det innan visse sentrale område og fagfelt er gjeve nærare presiseringar.

Rådmannen sitt mynde etter ekteskapslova

Rådmannen er delegert vigselsmynde jamfør ekteskapslova §12 b.

 

Rådmannen sitt mynde i personalsaker - kommunelova § 13-1 

Rådmannen har som øvste leiar av den samla kommuneadministrasjonen, mynde til å oppretta og leggja ned stillingar, og til å treffa avgjerd i personalsaker. Mynde omfattar mellom anna at rådmannen har personalansvaret for den einskilde, inkludert tilsetjing, oppseiing, suspensjon, avskjed og andre reaksjonar, dersom ikkje noko anna er fastsett i lov.

 

Fullmakt til å underteikne dokument 

Rådmannen har med heimel i kommunelova sin § 6-1 nr. 2, mynde til å underteikna på kommunen sine vegne. På same måte som ved underteikning av ordførar, må det liggje føre naudsynt godkjenning ved vedtak i heradsstyret, folkevalde organ eller ved administrative vedtak. 

 

Budsjettsaker

Rådmannen sitt mynde i budsjettsaker går fram av kommunen sitt til ei kvar tid gjeldande økonomireglement og budsjettvedtak. 

 

Vidaredelegering

Rådmannen har høve til å delegera mynde innan dei rammer som går fram av lov eller politisk vedtak. Slik delegering er avgrensa til dei saker og avgjersler som er organisatorisk til vedkommande stilling. I dei tilfelle der rådmannen har delegert direkte til underordna, er det å sjå på som om fullmakt er gjeve via kommunalsjef.  Kommunalsjefane har høve til å delegera vidare til underordna så langt ikkje anna går fram av lov, politisk vedtak eller vedtak av rådmannen.  På same vilkår som gjeld for kommunalsjefane har mellomleiarar høve til å delegera til tilsette innan eige avdeling. Rådmannen kan krevja ei kvar sak lagd fram for seg til orientering eller avgjerd, også tilsetjingssaker. 

 

Klage og lovlegkontroll

Enkeltvedtak fatta ved delegert mynde i medhald av kommunelova kan verta påklaga etter reglane i forvaltningslova (fvl.) til klagenemnd oppnemnt i medhald av fvl. § 28, 2. ledd.  Om lovlegkontroll gjeld reglane i kommunelova kapittel 27.

 

Tilhøve til heradsstyre og folkevalde organ

  1. Heradsstyret har det øvste ansvaret for å kontrollera kommunen si verksemd.
  2. Heradsstyret kan krevja ei kvar sak lagd fram til orientering eller avgjerd.
  3. Heradsstyret kan gjera om vedtak som er fatta av andre folkevalde organ eller av rådmannen, dersom heradsstyret sjølv kunne gjort vedtaket.

 

Endring av reglement

Endring av reglementet vert vedteke av heradsstyret. Rådmannen får fullmakt til å gjera mindre redaksjonelle endringar som følgje av endringar i lovverket. 

 

Iverksetjing

Reglementet trer i kraft frå 01.01.23