Delegeringsreglement - Innleiing

For å sikra og utvikla eit funksjonsdyktig og levande lokaldemokrati, ei rasjonell og effektiv forvaltning, samt borgarane sine rettar, er det naudsynt å delegera mynde og etablera gode klageordningar.

Alle prinsipielle saker skal handsamast av politisk nivå. Prinsipielle spørsmål må avklarast politisk før sjølve saka kan avgjerast administrativt.

Heradsstyret er det høgste organ med overordna ansvar for heile kommunen si verksemd og treff vedtak på vegne av kommunen dersom ikkje noko anna følgjer av lov.

Heradsstyret kan delegera mynde til å treffa vedtak til andre folkevalde organ, ordføraren eller rådmannen innan rammene av kommunelova eller anna lov.

Som generelle avgrensingar i delegeringsfullmakta gjeld følgjande: 

  1. Saker som etter lova ikkje kan delegerast. 
  2. Saker om nye tiltak som ikkje er heimla i vedteken kommuneplan/økonomiplan eller vesentleg utviding av tidlegare tiltak. 
  3. Saker av prinsipiell art. 

 

Kva som er ei “ikkje-prinsipiell” sak, vert avgjort etter ei konkret vurdering i kvar einskild sak, etter fylgjande framgangsmåte: 

  1. Ei sak er prinsipiell dersom Rådmannen ynskjer eit vedtak som bryt med den praksis (sedvane) som ligg føre (ynskjer ny praksis), eller som går utover dei retningslinene som ligg føre.  
  2. På same måte er saka prinsipiell dersom liknande saker ikkje har vore handsama tidlegare, og vedtaket kan skapa presedens for framtidige saker.   
  3. Enkeltsaker der Rådmannen har ei sakleg grunngjeving for å avvika frå forvaltinga sitt likskapsprinsipp skal alltid handsamast i eit politisk organ.
  4. Ei «ikkje-prinsipiell» sak har eit så godt utvikla saksområde, at det ligg føre presedens eller sedvane for kva for vedtak ein skal gjera, opp mot fakta i saka, eller at saksområdet skal handsamast innanfor visse retningsliner. Omgrepet retningsliner nyttast her om lover, forskrifter eller anna skriftleg rettleiing som er utarbeida av forvaltingsorgan til bruk på saksområdet, eller reglement som er vedteke for å nyttast på saksområdet. Er det tvil om kven som skal gjera vedtak i ei sak, har ordførar og rådmann ansvaret for å kartlegge dette. Dersom det framleis er tvil, går saka til politisk handsaming. 
  5. Ut over desse punkta har Rådmannen ei generell plikt til å vurdera ei sak ut frå sitt konkrete innhald, for på den måten å avklare om det er ei sak som skal avgjerast politisk eller administrativt.