Reglement for innvandrarrådet i Voss herad.

Heimel

Voss herad sitt innvandrarråd er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-12 og Forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom (forskrift om medverknad).

Innvandrarrådet sine oppgåver

Innvandrarrådet er eit rådgjevande organ for kommunen, og har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld innvandrar i Voss herad.

Innvandrarrådet skal ha følgjande saker til handsaming: Årsbudsjett, økonomiplan, kommune- og reguleringsplanar og alle andre typar saker som kan ha innverknad på levekår for innvandrarar.

Innvandrarrådet skal ikkje handsama saker som gjeld enkeltpersonar.

 

Samansetjing og oppnemning

Heradsstyret vel innvandrarråd etter innstilling frå Valnemnda. Integrering og vaksenopplæringa,  lokale organisasjonar og privatpersonar kan kome med framlegg til kandidatar til Valnemnda. Det skal lysast i lokalavisa og på heradet sine nettsider etter kandidatar i samband med valet. Innvandrarrådet skal ha fem medlemar og fem varamedlemar i rekkje med innvandrarbakgrunn. I tillegg skal det veljast to representantar med vara som er politisk valde, ein frå heradsstyret og ein frå Utval for levekår.

Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar mellom medlemane som ikkje er politisk valde. Dersom ingen i rådet tar på seg vervet som leiar, må heradsstyret velja nytt innvandrarråd.

Rådet si funksjonstid er den same som valperioden.

 

Møte og møteinnkalling

Innvandrarrådet held møte etter fastsett møteplan eller når 1/3 av medlemane krev det. Sekretariatet kallar inn til møte.

Saker skal sendast ut i god tid slik at rådet har reelt høve til å påverka vedtaket. Uttalen frå rådet skal følgja med sakspapira til det organet som skal gjera endeleg vedtak i saka.

Medlemane i rådet har møteplikt med mindre ein har gyldig forfall. Forfall skal meldast til sekretariatet.

Rådet kan gjera vedtak når minst halvparten av medlemane er til stades.

 

Sekretariat

Sekretær for innvandrarrådet vert utpeika av rådmannen. Sekretariatet skal leggja til rette for at innvandrarrådet skal kunna løysa oppgåvene sine, og halda det orientert om saker som kan vera aktuelle for rådet.

 

Møte og talerett i utval og heradsstyret

Innvandrarrådet får møte- og talerett i Voss heradsstyre, formannskapet og andre politiske vedtaksorgan sine møte i dei sakene som kjem inn under det enkelte råd sitt arbeidsområde. Dersom rådet ønskjer å nytta seg av møte- og taleretten skal dette avtalast med ordførar eller utvalsleiar i forkant av møtet (og seinast dagen før).

Innvandrarrådet kan stilla med ein representant. Den representanten som representerer rådet får sleppa til i møtet med eit førebudd innlegg, med taletid på inntil 5 minutt i starten av sakshandsaminga til den politiske saka, men før debatten startar. Representanten får ikkje delta i sjølve debatten.

Møte- og taleretten gjeld i det utvalet/ heradsstyret som fattar det endelege vedtaket.

 

Årsmelding

Rådet skal utarbeida ei kortfatta årsmelding om verksemda. Årsmeldinga skal leggjast fram for heradsstyret.

 

Årsmeldinga skal innehalda:

  • Tal saker som har vore handsama:
  • Store/omfattande saker med stor interesse mellom innbyggjarane:
  • Saker ein reknar med kjem opp til neste år:
  • Kort oppsummering/vurdering av arbeidet i utvalet i året som ligg bak oss:

 

Rettar og plikter

Medlemane i innvandrarrådet har dei same rettar og plikter som andre folkevalde.