Reglement for Klagenemnda

Heimel for oppnemning

Klagenemnda i Voss herad er oppnemnt av heradsstyret i samsvar med Forvaltningslova § 28, 2. ledd og kommunelova § 5-1.

Klagenemnda har på heradsstyret sine vegne mandat til å avgjera klagesaker i enkeltvedtak (om enkeltvedtak sjå forvaltningslova § 2b).

Klagenemnda handsamar klagesaker etter reglane i forvaltningslova. Klagenemnda skal ikkje handsama klage som etter særlov blir dekka av anna kommunal klageordning eller som det etter særlov har eige klageorgan utanfor kommunen.

Samansetjing og val

Utvalet skal ha 5 medlemar. Alle medlemane skal veljast av heradsstyret. Nemnda skal setjast saman på ein måte som gjev den både fagleg tyngde og politisk representasjon. Det skal òg takast omsyn til dei skjerpa habilitetsreglane i kommunelova. Leiar og nestleiar skal veljast av heradsstyret.

 

Klagenemnda sin funksjon og kompetanse 

Klagenemnda skil seg frå andre kommunale råd og utval på den måten at ho ikkje vil ha som si primæroppgåve å drive politisk verksemd. Klageinstansen si oppgåve vil vera å sjå til at påklaga enkeltvedtak er handsama og avgjort av kommunale forvaltningsorgan i samsvar med lover, forskrifter, retningslinjer m.m. 

Rådmannen eller den han peikar ut, har ansvar for førebuing av klagesaker og innstiller til vedtak. Er rådmannen og sakshandsamar for klagenemnda ugild p.g.a. medverknad ved handsaming i førsteinstans, skal leiaren i klagenemnda førebu saka og skrive innstilling.

Leiaren i klagenemnda har høve til å gjera seg nytte av ekstern juridisk eller anna høveleg kompetanse.

Klagenemnda sine medlemar skal ikkje delta på noko steg under saksførebuinga, men ta stilling til klagen på grunnlag av dei dokumenta og dei saksopplysningane som er lagt fram i nemnda sitt møte. Nemndsmedlemane skal ikkje samtala med parten, underinstansen (forvaltningsorganet) eller med representantar for desse om saker som er under førebuing. Klagenemnda som organ kan unntaksvis gje klagar og representant frå forvaltningsorganet høve til å leggja fram faktiske saksopplysningar munnleg i nemnda sitt møte. Parten har likevel ikkje høve til å prosedera heile saka slik at avgjerdsgrunnlaget blir munnleg.

Klageinstansen si prøving av forvaltningsskjønn må i kvar sak utøvast i samsvar med gjeldande lover og regelverk.  

Klagenemnda skal  vurdera:

  1. Sakshandsaminga - om denne er i tråd med regelverket for sakshandsaming; jf. forvaltningslova og eventuelle særlover. 
  2. Lovgrunnlaget - om vedtak er gjort i samsvar med aktuelle lover og forskrifter, og elles i tråd med kommunalt delegeringsreglement, kommunale retningsliner og regelverk.
  3. Skjønnsutøvinga - om forvaltningsorganet si vurdering er i samsvar med den konkrete saka sett i høve til aktuelle lover, forskrifter og kommunale retningslinjer. 
  4. At prinsippet om lik handsaming vert følgt i den kommunale forvaltninga.

 

Meldingar/rapport

Nemnda legg fram rapportar som heradsstyret ber om.