Føremål
Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal sikra brei medverknad i saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne.
Definisjon: «nedsett funksjonsevne» vil seia tap eller skade på ein kroppsdel eller kroppsfunksjon, til dømes nedsett rørsle, syn eller høyrsel, nedsett kognitiv funksjon eller nedsett funksjon grunna allergi, hjarte- og lungesjukdom, nevrologiske og psykiske lidingar.
Rådet er kommunen sitt rådgjevande organ i saker som vedkjem menneske med nedsett funksjonsevne og deira behov.
Rådet sine oppgåver
Rådet skal ha høve til å uttala seg i saker som er viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Det gjeld årsbudsjett, økonomiplan, kommune- og reguleringsplanar, og byggesaker som gjeld kommunale og private bygg som skal vera opne for ålmenta.
Rådet kan på eige initiativ ta opp saker som vedkjem menneske med nedsett funksjonsevne, men ikkje saker som gjeld enkeltpersonar.
Samansetjing og oppnemning
Rådet skal ha sju medlemar og sju varamedlemar. To av representantane med vara er politisk valde, ein frå heradsstyret og ein frå Utval for levekår.
Heradsstyret vel rådet etter innstilling frå Valnemnda. Brukarorganisasjonane, andre organisasjonar og privatpersonar kan kome med framlegg til kandidatar til Valnemnda. Det skal lysast i lokalavisa og på heradet sine nettsider etter kandidatar i samband med valet. Rådet skal ha sju medlemar og sju varamedlemar. To av representantane med vara er politisk valde, ein frå heradsstyret og ein frå Utval for levekår. Rådsmedlem ut over dette skal ikkje sitja i heradsstyret.
Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar mellom medlemane som ikkje er politisk valde. Dersom ingen i rådet tar på seg vervet som leiar, må heradsstyret velja nytt Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
Rådet si funksjonstid er den same som valperioden.
Sekretariat
Sekretær for rådet vert utpeika av rådmannen. Sekretariatet skal leggja til rette for at rådet skal kunna løysa oppgåvene sine, og halda det orientert om saker som kan vera aktuelle for rådet.
Møte og møteinnkalling
- Rådet held møte etter fastsett møteplan eller når minst 1/3 av medlemane krev det.
- Sekretariatet kallar inn til møte.
- Saker skal sendast ut i god tid slik at rådet har reelt høve til å påverka vedtaket. Uttalen frå rådet skal følgja med sakspapira til det organet som skal gjera endeleg vedtak i saka.
- Medlemane i rådet har møteplikt med mindre ein har gyldig forfall. Forfall skal meldast til sekretariatet.
- Rådet kan gjera vedtak når minst halvparten av medlemane er til stades.
Møte og talerett utval og heradsstyret
Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne får møte- og talerett i Voss heradsstyre, formannskapet og andre politiske vedtaksorgan sine møte i dei sakene som kjem inn under det enkelte råd sitt arbeidsområde. Dersom rådet ønskjer å nytta seg av møte- og taleretten skal dette avtalast med ordførar eller utvalsleiar i forkant av møtet (og seinast dagen før).
Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne kan stilla med ein representant. Den representanten som representerer rådet får sleppa til i møtet med eit førebudd innlegg, med taletid på inntil 5 minutt i starten av sakshandsaminga til den politiske saka, men før debatten startar. Representanten får ikkje delta i sjølve debatten.
Møte- og taleretten gjeld i det utvalet/ heradsstyret som fattar det endelege vedtaket.
Årsmelding
Rådet skal utarbeida ei kortfatta årsmelding om verksemda. Årsmeldinga skal leggjast fram for heradsstyret.
Årsmeldinga skal innehalda:
- Tal saker som har vore handsama:
- Store/omfattande saker med stor interesse mellom innbyggjarane:
- Saker ein reknar med kjem opp til neste år:
- Kort oppsummering/vurdering av arbeidet i utvalet i året som ligg bak oss:
Rettar og plikter
Medlemane i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har dei same rettar og plikter som andre folkevalde.