Reglement for kraftfondstyre i Voss herad

Heimel

Voss herad vedtok i heradsstyremøte 14.11.2024 ny vedtekter for Kraftfondet.

Kraftfondet sine oppgåver

Styre for kraftfondet sine oppgåver er skildra i vedtektene. (PDF, 47 kB)

Kraftfondet må i slutten av kvar valperiode evaluera arbeidet sitt. Nyvald kraftfond må i starten av valperioden leggja fram strategi for komande valperiode og vurdera vedtektene. Både evaluering og strategi skal leggjast fram for heradsstyret.

Ein kan lesa meir her

 

Samansetjing og oppnemning

Heradsstyre vedtok i sak 25/24 at Kraftfondet skal forvaltast av Utval for kultur og næring. 

 

Møte og møteinnkalling

Sekretariatet kallar inn til møte.

 

Sekretariat

Sekretær for kraftfondet vert utpeika av rådmannen. Sekretariatet skal leggja til rette for at kraftfondet skal kunna løysa oppgåvene sine, og halda det orientert om saker som kan vera aktuelle.

 

Årshjul

Styret skal laga eit årshjul der det kjem fram kva saker som fast vert handsama i styret. Vidare skal årshjulet innehalda temamøte som styret ynskjer å halda i året som kjem. Styret bør og tidleg vurdera om dei ønskjer informasjon frå eksterne, og om dei skal gjennomføra enkelte av møta sine i samband med synfaringar til verksemder i heradet.

 

Årsmelding

Fondsstyret legg årleg fram rekneskap og melding til heradsstyret. Kopi av rekneskap og årsmelding skal sendast fylkesmannen og fylkeskommunen.

Årsmeldinga skal innehalda:

  • Tal saker som har vore handsama:
  • Store/omfattande saker:
  • Saker av store interesse mellom innbyggjarane:
  • Saker ein reknar med kjem opp til neste år:
  • Kort oppsummering/vurdering av arbeidet i fondet for året som ligg bak oss:

 

Rettar og plikter

Medlemane i fondet har dei same rettar og plikter som andre folkevalde.

 

Føremålet med Kraftfondet og reglement for Kraftfondet må ein sjå på særskild etter at Strategisk næringsplan er vedteke.