Reglement for valnemnda

Samansetting

Valnemnda skal vera samansett av ein medlem med personleg vara frå kvart av dei ulike politiske partia/ listene som er representert i heradsstyret, i tillegg til ordførar.

Ordførar er leiar for valnemnda. Varaordførar er nestleiar.

Arbeidsområde

Valnemnda skal utarbeida framlegg til val av medlemar til kommunale og interkommunale styrer, råd, utval og nemnder som heradsstyret eller andre kommunale organ skal gjera, og har i slike saker direkte innstillingsrett overfor det aktuelle organ. Likeins skal nemnda koma med framlegg på nye medlemar og val som skjer i løpet av heradsstyreperioden når dette er naudsynt. I tillegg kjem framlegg til val og val av personar til eksterne organ som har heimel i særlovene eller etter avtale.

 

Sakshandsamingsreglar

Valnemnda skal ha møte når leiaren finn det naudsynt, eller når minst 1/3 av medlemane krev det. Valnemnda er vedtaksfør når minst halvparten av medlemane er til stades. Valnemnda fylgjer vanlege reglar for kommunale utval.

 

Val av styrekandidatar

  1. Ved val av styre er målet å setja saman det kollegiet som er best mogleg kvalifisert og eigna til å ivareta selskapet sitt føremål, verksemdsområde og kommunen sitt mål for selskapet. Det blir lagt vekt på å setja saman profesjonelle styrer der styremedlemane vert vald på bakgrunn av fagkompetanse og selskapet sitt behov for kompetanse. 
  2. Det er styret sin totale kompetanse som er grunnlaget for vurderinga, både formell- og reell kompetanse. Normalt er det trong for administrasjons-/ leiarkompetanse, økonomi/ finanskompetanse og bransje-/ marknadskompetanse. Også juridisk kompetanse og god kjennskap til kommunen kan i nokre tilfelle vera ynskjeleg/ naudsynt. Anna spisskompetanse kan variera frå selskap til selskap. 
  3. Valnemnda skal sjå til at det vert god balanse mellom kontinuitet i styret sitt arbeid og behov for nødvendig fornying. Vidare skal det leggjast særleg vekt på mangfald, mellom anna i form av balansert kjønnsfordeling.
  4. Base over aktuelle styremedlemar skal vera tilgjengeleg for medlemane i valnemnda.
  5. Dersom valnemnda ikkje går for attval, skal representanten få melding om dette.

 

Endringar

Endringar av dette reglementet kan berre gjerast av heradsstyret.