Målsetjing
Ungdomsrådet skal:
- Vera eit rådgjevande organ i saker som vedkjem dei unge.
- På eige initiativ ta opp saker som vedkjem born og unge sine interesser i kommunen.
- Stimulera til samfunnsengasjement, medverknad og demokratisk deltaking mellom ungdom.
- Leggja til rette arenaer der ungdom generelt kan få uttala seg om relevante saker, gjerne også ved hjelp av sosiale media.
- Disponera tilgjengelege midlar etter retningslinjer fastsett av ungdomsrådet.
- Setja søkjeljos på å skapa identitet til eigen kommune.
Samansetjing og val.
Ungdomsrådet skal vera samansett av ungdom i ulike aldrar, med ulik erfaring og utdanning.
Heradsstyret vel Ungdomsråd etter innstilling frå Valnemnda. (jf kommunelova § 5-12). Ordførar får mynde til å mellombels godkjenna val av representantar til Ungdomsrådet i valperioden.
Ungdomsrådet skal ha 12 representantar i alderen 13 – 19 som fordeler seg slik:
- 2 representantar og 2 vara i rekkje frå Voss gymnas
- 2 representantar og 2 vara i rekkje frå Voss vidaregåande
- 1 representantar og 1 vara frå Vangen ungdomsskule
- 1 representantar og 1 vara frå Vossestrand ungdomsskule
- 1 representantar og 1 vara frå Granvin ungdomsskule
Ungdommane sine elevråd fremjar framlegg til representantar til ungdomsrådet. Frist for å koma med framlegg er 1. oktober. Skulane må sikre kjønnsbalanse i valet.
I tillegg skal 5 representantar og 5 vara i rekkje veljast etter innspel frå ulike ungdomsorganisasjonar og privatpersonar. Organisasjonar og privatpersonar kan kome med framlegg til kandidatar til Valnemnda. Det skal lysast i lokalavisa og på heradet sine nettsider etter kandidatar i samband med valet.
Representantane si funksjonstid er 2 år.
Rådet vel sjølv leiar og nestleiar. Dersom ingen i rådet tar på seg vervet som leiar, må heradsstyret velja Ungdomsråd.
Heradsstyret skal velja ein politisk representant, helst ordførar, som skal delta i møta i ungdomsrådet.
Ungdomsrådet skal få opplæring i demokratiske prosesser og kommunal styring.
Organisering og møter
- Kommunelova sine reglar for sakshandsaming og møte gjeld.
- Rådet skal få sakene på eit så tidleg tidspunkt at dei har moglegheit til å påverka utfallet av saka.
- Rådet skal ikkje handsama saker som gjeld einskildpersonar.
- Møta skal vera opne og tilgjengelege og rådet sine uttalar skal vera offentlege.
- Ut over formelle møte, kan rådet ha diskusjons- og arbeidsmøte og andre samlingar.
- Representantane får møtegodtgjersle etter satsar vedteke av heradsstyret
Møte og talerett i utval og i heradsstyret
Ungdomsrådet har møte- og talerett i Voss heradsstyre, formannskapet og andre politiske vedtaksorgan sine møte i dei sakene som kjem inn under det enkelte råd sitt arbeidsområde. Dersom rådet ønskjer å nytta seg av møte- og taleretten skal dette avtalast med ordførar eller utvalsleiar i forkant av møtet (og seinast dagen før).
Ungdomsrådet kan stilla med to representantar. Dei representantane som representerer rådet får sleppa til i møtet med eit førebudd innlegg, med taletid på inntil 5 minutt i starten av sakshandsaminga til den politiske saka, men før debatten startar. Representanten får ikkje delta i sjølve debatten.
Møte- og taleretten gjeld i det utvalet/ heradsstyret som fattar det endelege vedtaket.
Andre oppgåver
Ungdomsrådet skal utarbeide ei kortfatta årsmelding som skal leggjast fram for heradsstyret.
Ungdomsrådet peikar ut ein representant i kvar av ungdomsstyra.
Årsmeldinga skal innehalda:
- Tal saker som har vore handsama:
- Store/omfattande saker med stor interesse mellom innbyggjarane:
- Saker ein reknar med kjem opp til neste år:
- Kort oppsummering/vurdering av arbeidet i utvalet i året som ligg bak oss:
Administrasjonen (Rådmannen) si rolle
- Administrasjonen skal ha funksjon som støtte for ungdomsrådet.
- Administrasjonen i kommunen skal ha sekretærfunksjon og kan hjelpa med saksførebuing og framstilling.
- Administrasjonen kan vidare hjelpa til med å fylgja opp saker for ungdomsrådet.
- Administrasjonen skal hjelpa til ved val av framlegg til kandidatar.
- Administrasjonen har tale og framleggsrett i ungdomsrådet.
Endringar av vedtektene
Endringar av vedtektene skal vedtakast i heradsstyret.