Vedtekter for utlikning av eigedomsskatt i Voss herad

Kap 1 – Sakkunnig nemnd

§ 1-1 I samsvar med eigedomsskattelova § 8 A-3(2) vel heradsstyret ei sakkunnig nemnd og ei sakkunnig ankenemnd til å verdsetja eigedomane i Voss herad på bakgrunn av framlegg frå innleigde synfararar.

Sakkunnig nemnd skal ha tre medlemar (leiar, nestleiar og ein medlem). I tillegg vel ein tre varamedlemar.

Sakkunnig ankenemnd skal ha fem medlemar (leiar, nestleiar og tre medlemar). I tillegg vel ein fem varamedlemar.

Heradsstyret vel leiar og nestleiar for sakkunnig nemnd og sakkunnig ankenemnd.

Valperioden fylgjer kommunevalperioden.

 

§ 1-2 Om val

Valbare og pliktige til å motta val som medlem av sakkunnig nemnd eller sakkunnig ankenemnd, er dei som er pliktige til å motta val til heradsstyret.

Ein medlem er ugild til å fastsetja taksten når denne er:

  1. sjølv er eigar, panthavar eller leigebuar til eigedomen,
  2. er i slekt, eller i svogerskap med ein som nemnd under
    1. i opp- eller nedstigande linje eller sidelinje så nær som sysken, 
    2. er eller har vore gift, partnar eller trulova med, eller er fosterfar eller fostermor eller er fosterbarn til eigar,
  3. er verje for ein person som nemnd under a),
  4. er styrar eller medlem av styret for eit selskap, ei foreining, sparebank, stifting eller offentleg verksemd som er eigar, panthavar eller leigebuar til eigedomen,
  5. er medlem av formannskapet. Likeins er medlemen ugild når andre særlege omstende ligg føre som er eigna til å svekka tiltrua til objektivitet til medlemen.

Nemnda treff sjølv avgjerd om ein medlem er ugild eller ikkje.

 

§ 1-3 Medlemar i sakkunnig nemnd og sakkunnig ankenemnd pliktar å møta på alle møte i nemndene, med mindre dei har lovleg forfall.

 

§ 1-4 Sakkunnige. Nemndene kan be eigedomsskattekontoret kalla inn sakkunnig hjelp til å gje rettleiande uttalar på det bygningstekniske, industrielle, maskintekniske, juridiske eller andre område, når ein ser det som naudsynt.

Dei sakkunnige deltek ikkje i sjølve takseringa, og har ikkje stemmerett.

 

Kap 2 – Førebuing av takseringa

§ 2-1 Rådmannen opprettar eit eigedomsskattekontor. Eigedomsskattekontoret pliktar å syta for alt administrativt arbeid for sakkunnig nemnd og sakkunnig ankenemnd.

 

§ 2-2 Eigedomsskattekontoret utarbeider oversikt over eigedommar som sakkunnig nemnd skal taksera, og oversikt over eigedommar som skal ha fritak, eller som kan få fritak for eigedomsskatt, eigedomsskattelova §§ 5 og 7.

 

§ 2-3 Eigedomsskattekontoret førebur takseringa ved å innhenta tilgjengeleg informasjon om kvar enkelt eigedom. Eigedomskattekontoret kan be eigar utlevera opplysningar som er relevante for taksten,  eigedomsskattelova § 31.

 

§ 2-4 Eigedomsskattekontoret engasjerar synfararar i samråd med sakkunnig nemnd. 

 

Kap 3 – Gjennomføring av takseringa

§ 3-1 Leiar i sakkunnig nemnd, i samarbeid med eigedomsskattekontoret, har ansvaret for å planleggja og leia arbeidet med takseringa. Eigedomsskattekontoret skal delta på alle møter i sakkunnig nemnd og sakkunnig ankenemnd. 

 

§ 3-2 Før ein føretek alminneleg taksering, drøftar sakkunnig nemnd  rammer og retningslinjer for takseringa, for å sikra størst mogleg einsarta vurdering.  

Sakkunnig nemnd skal gjera ei prøvetaksering for å fastsetja prisnivået for takseringa. 

Sakkunnig nemnd kan vedta sjablongar til bruk i takseringa. Sjablongane skal vera eit hjelpemiddel for å koma fram til omsetningsverdien for eigedomen, og skal ta høgde for eigedomen si ”innretning, brukseigenskap og lokalisering”  som kan verka inn på verdien, eigedomsskattelova §8A-2 (1).

Det skal førast referat frå møta i sakkunnig nemnd.

 

§ 3-3 Sakkunnig nemnd er i samarbeid med eigedomsskattekontoret ansvarleg for å gje dei som har vore på synfaring informasjon og rettleiing i korleis rammer og retningslinjer skal praktiserast. Dei som har vore på synfaring legg fram resultatet av prøvetakseringa for sakkunnig nemnd. 

 

§ 3-4 Heimelshavar bør varslast om at takst skal haldast. Eigedomsskattekontoret fastset frist for varsel. Sjå vedtektene § 2-3.

 

§ 3-5 Eigedomane skal synfarast. I samband med synfaringa utarbeidar den som har vore på synfaring framlegg til takst. 

Framlegget til takst skal vera i samsvar med rammer og retningslinjer som sakkunnig nemnd har vedteke. Ved taksering av næringseigedomar, bør takstframlegget òg

innehalda opplysningar som er  nødvendig for at sakkunnig nemnd kan ta stilling til om taksten på eigedomen  er rett. 

 

§ 3-6 Sakkunnig nemnd fastset i møte takstane på bakgrunn av framlegg som er  utarbeidd av dei som har vore på synfaring. 

Sakkunnig nemnd tek i samband med fastsetjinga av taksten stilling til: - om den enkelte eigedom inngår i eigedomsskatteområdet, eller  - om den skal skattleggjast som næringseigedom jf. eigedomsskattelova § 4  - kva eigedomar som skal ha fritak frå eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 5.

Dei som har vore på synfaring deltek ikkje i fastsetjinga av taksten.

 

§ 3-7 Takstprotokollen må innehalda opplysningar om når takst er vedteken, kva    eigedom det gjeld og takstsummen. Takstprotokollen skal signerast.

 

Kap 4 – Omtaksering og særskild taksering

§ 4-1 I perioden mellom alminnelege takseringar, kan omtaksering/ særskilt taksering   bli føreteke etter retningslinjer og vilkår i eigedomsskattelova § 8A-3 femte og sjette ledd. Verdigrensa i sjette ledd skal i Voss herad vera kr 50.000,-.

Fristen for å krevja omtaksering er 1. november i året før skatteåret. 

Sakkunnig nemnd tek stilling til om vilkåra for omtaksering/ særskilt taksering er oppfylt.

Verdsetjinga bør skje etter same prinsipp og same prisnivå som ved førre alminnelege taksering. 

Skatteytar vert orientert om taksten ved utsending av vedtak/skattetakst. 

For klage gjeld kapittel V.

 

Kap 5 – Overtakst (klage)

§ 5-1 Overtakst kan krevjast av skatteytar eller formannskapet. 

 

§ 5-2 Kravet om overtakst må vera fremja innan seks veker frå skattelista vart utlagt det  året alminneleg omtaksering finn stad, eller frå melding om vedtak ved omtaksering/ særskilt taksering etter eigedomsskattelova §8 A-3 (5) og (6). 

Klage over takst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskriving av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare jf. Eigedomsskattelova §19, første ledd.

 

§ 5-3 Vert fristen ikkje halden en, kan utsetjing bli innvilga når skatteytar ikkje kan lastast for at fristen ikkje er halden. 

 

§ 5-4 Krav om overtakst skal sendast til eigedomsskattekontoret. Så snart som råd etter at fristen er ute, kategoriserer eigedomskontoret mottekne krav og sender desse til sakkunnig nemnd. 

 

§ 5-5 Sakkunnig nemnd kan endra taksten til skatteytar sin gunst, dersom ein finn grunn til det. I motsett fall, sender ein kravet over til sakkunnig ankenemnd.  

 

§ 5-6 Sakkunnig ankenemnd held overtakst. Dersom det er nødvendig for saka, vert det gjort ny synfaring.

 

§ 5-7 Sakkunnig ankenemnd kan prøva alle sider av saka, og kan endra taksten til skattytar sin disfavør, eigedomsskattelova § 17.

 

§ 5-8 Sakkunnig ankenemnd utarbeidar ein overtakstprotokoll med ei kort grunngjeving  for overtaksten. 

 

§ 5-9 Krav om overtakst har ikkje oppsetjande verknad.

 

Kap 6 – Ulike føresegner

§ 6-1 Heradsstyret fastset godtgjering til nemndsmedlemane. Rådmannen fastset godtgjering til dei som er på synfaring og sakkunnig, nemnt i § 1-3. §1.4.

Eigedomsskattekontoret syter for at godtgjersla vert betalt.

 

§ 6-2 Eigedomsskattekontoret fører eigedomsskatteliste med slik innhald som nemnt i eigedomsskattelova § 15. Lista skal liggja ute til offentleg ettersyn i tre veker etter at det er kunngjort at lista er lagt ut. Det vert kunngjort i lokalavisa når og kvar lista er utlagt. Kunngjeringa skal innehalda opplysningar om fristen for å krevja overtakst, og kven kravet skal sendast til.

Samtidig med at eigedomsskattelista vert lagt ut, sender ein skattesetel til skattytar.

 

§ 6-3 Eigedomsskatten forfell til betaling i dei terminar som heradsstyret fastset.