Etikkplakat for folkevalde i Voss herad

Som folkevald skal eg:

Skapa tillit ved å

  • vera sannferdig i ord og handling
  • vera open om eigne roller og vera merksam på eigen habilitet
  • ikkje ta i mot gåver som kan påverka handlingane mine
  • syta for likehandsaming

 

Vera påliteleg ved å

  • bidra til ein open politisk debatt
  • leggja til rette for ytringsfridom
  • seia i frå om kritikkverdige tilhøve
  • korrigera usanne opplysningar om politiske saker i samfunnsdebatten
  • ikkje påverka sakshandsamarar direkte

 

Vera inkluderande ved å

  • respektera andre folkevalde og tilsette i kommunen
  • visa toleranse for kjønn, legning, etnisitet, funksjonsevne og livssyn
  • sikra at alle vert verdsett, respektert og får ta del i fellesskapet
  • leggja til rette for brukarmedverknad
  • vera imøtekomande og lyttande
  • ta vare på kvarandre

Etikkplakat for folkevalde i Voss herad (PDF, 164 kB)​​​​​​​