Etiske retningsliner for folkevalde i Voss herad

Kvifor?

Etikk er systematisk tenking om kva som er rett og gale.  

Eit sunt lokaldemokrati byggjer på eit innbyrdes tillitsforhold mellom innbyggjarane og folkevalde. Våre veremåtar, haldningar og evne til å lytta, er med på å danna grunnlaget for innbyggjarane sin tillit til kommunen. Dei etiske retningslinene skal vera køyrereglane som skal hjelpa oss folkevalde å handla rett, slik at me arbeider til det beste for fellesskapet i tråd med lover, reglar, verdigrunnlag og politiske vedtak.

Forankring og ansvar

Med omgrepet folkevald er det også meint andre utvals- og rådsmedlemar som har verv i Voss herad. 

Du som folkevald har eit personleg og sjølvstendig ansvar for å fylgja retningslinene. Dersom du er i tvil om det kan vera brot på reglane, kan du ta dette opp med ordførar. Du har rett til å nekta å fylgja pålegg som er ulovlege eller fører til brot på dei etiske retningslinene.

Ordførar har ansvar for å formidla dei etiske retningslinene til dei folkevalde, leggja tilhøva til rette for etisk refleksjon, og har gjennom ord og handling særleg stor innverknad på kulturen og normene for veremåten i organisasjonen vår.

 

Etiske retningsliner

Tillit

  • Me skal opptre på ein måte som skapar tillit hjå innbyggjarane og som ikkje skadar heradet sitt omdømme. Me skal vera rettferdige, ærlege og opne i ein kvar samanheng.
  • Me lyttar til innbyggjarane og sikrar lik handsaming for alle. Me sikrar demokrati og medverknad.
  • Me skal bidra til ein open og sakleg offentleg debatt.
  • Dersom me har personlege verv i lag, organisasjonar eller verksemder, skal me registrera dette i styrevervregisteret.
  • Me skal ikkje utnytta vår stilling til å oppnå personlege fordelar, eller få gåver av ein art som kan påverka handlingar eller vedtak. Gåver av låg verdi som blomar, konfekt eller liknande vert ikkje omfatta av retningslinene.
  • Me skal aktivt arbeida mot korrupsjon og varsla dersom ein har mistanke om at korrupsjon finn stad. Me skal ikkje påverke tilsette direkte slik at dei opplever press til å gjera vurderingar ut over dei faglege.
  • Me har sjølve ansvar for å opplysa om eigen habilitet. Ved tvil rundt habilitet skal me be om vurdering. Me skal vera medvitne om rollekombinasjonar som kan føra til interessekonflikt.

 

Pålitelege:

  • Voss herad skal vera ein open organisasjon. I ein open organisasjon er offentlegheit og ytringsfridom viktige prinsipp for å sikra innsyn og kontroll over kommunen si verksemd. 
  • Me skal vera ærlege og truverdige, me skal seia i frå om kritikkverdige tilhøve og korrigera usanne opplysningar om politiske saker i samfunnsdebatten.
  • Me skal vera rettvise og føreseielege.
  • Me skal som folkevalde bruka eit klart språk slik at alle kan forstå innhaldet i politikken.

 

Inkluderande

  • Me skal vera gode rollemodellar og syna klokskap i sosiale medium.
  • Som folkevalde skal me respektera kvarandre og tilsette i heradet. Me skal ikkje opptre på ein måte som krenkjer menneskeverdet og me tek aktivt avstand frå diskriminering.
  • Me skal visa toleranse for alle, uavhengig av kjønn, legning, etnisitet, funksjonsevne eller livssyn.
  • Me skal sikra at alle vert verdsett, respektert og får ta del i fellesskapet .
  • Me skal vera imøtekomande og lyttande.
  • Me skal ta vare på kvarandre.

 

Etiske verktøy

Navigasjonshjulet:

I tillegg til den etiske vurderinga, kjem også andre omsyn. Navigasjonshjulet kan vera eit hjelpemiddel for deg når du skal vurdera kva du skal gjera.

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etiske retningsliner for folkevalde i Voss herad (PDF, 2 MB)