Del 1: Rolleavklaring folkevald, ordførar, varaordførar, gruppeleiar, rådmann og administrasjon

Kva er ordførar si rolle?

Ordførar er valt blant formannskapet sine medlemar. Valet gjeld for heile valperioden. Ordførar har møte- og talerett i alle kommunale organ, men har berre røysterett i dei organa der ordførar er medlem.

Oversikt over kva som kjem inn under ordførar sine oppgåver:

  • Er Voss herad sin rettslege representant, og signerer på heradet sine vegne i alle dei tilfella der mynde ikkje er gitt andre, Kommunelova § 6.
  • Er politisk ombod for innbyggjarane og er Voss herad sin ambassadør i kontakt med andre kommunar, fylke, stat og private aktørar.
  • Er det formelle bindeleddet mellom politikk og administrasjon, og har difor ei sentral rolle når det gjeld formidling av synspunkt mellom dei folkevalde og administrasjonen.
  • For å sikra god samhandling mellom rådmannen og heradsstyret, har ordførar eit ansvar for å syta for eit formelt og godt samarbeid mellom ordførar og rådmann.
  • Ordførar skal ikkje blanda seg inn i sakshandsaminga eller personalsaker,  Kommunelova § 13-1.
  • Ordførar skal bidra til å knyta kontakt mellom lokalsamfunnet og regionale, nasjonale og internasjonale aktørar.  Ordførar skal fremja Voss herad sine interesser utanfor kommunegrensene.
  • Er heradsstyret og formannskapet sin møteleiar, Kommunelova § 6. Som møteleiar skal ordførar opptre nøytral og leggja vekt på å handsama alle representantar likt. Ordførar har medansvar for at dei sakene som skal handsamast vert handsama i samsvar med reglement og anna lovverk.
  • Har ansvar for innkalling og offentleggjering av møte i formannskapet og heradsstyret.
  • Skal bidra til å setja dagsorden for politisk arbeid.
  • Ordførar skal vera merksam på eigen habilitet og opptre i tråd med dei etiske retningslinene for folkevalde.

 

Ordførar sine oppgåver knytt til kriseleiing og krisehendingar

  • Er Voss herad sitt talerøyr i media, ansvar for samfunnskontakt.
  • Representerer kommunen i ulike offisielle samanhengar knytt til krisehendinga.
  • Representerer heradsstyret og formannskapet etter krisefullmakt dersom det er naudsynt, og ikkje tid eller mogleg å kalla saman eit vedtaksdyktig heradsstyre eller formannskap.

 

Kva er varaordførar si rolle?

Varaordførar er på lik line med ordførar vald mellom formannskapet sine medlemar.

Varaordførar må på kort varsel kunne ta over møteleiinga, og andre av ordførar sine oppgåver. Varaordførar må difor ha god kjennskap til dei sakene som er under arbeid i administrasjonen. Det er ordførar sitt ansvar at varaordførar til ei kvar tid er orientert om aktuelle kommunale saker, men varaordførar har sjølv eit ansvar med å halda seg oppdatert.

Varaordførar pliktar å prioritera denne rolla framfor eige arbeid. Varaordførar får ei fast godtgjersle for vervet.

 

Kontakt med media og andre aktørar

Grunnlova § 100 slår fast prinsippet om allmenn ytringsfridom. Ein viktig hugseregel er at dersom ein heradsstyrerepresentant uttalar seg til media, eller til andre aktørar om politiske saker eller andre tilhøve, så gjer representanten dette på vegne av seg sjølv som folkevald for sitt eige parti, ikkje som heradsstyrerepresentant på vegne av heradsstyret. Det er berre ordførar som skal uttale seg på vegne av heradsstyret, dersom ikkje noko anna er vedteke.

 

Kva er gruppeleiarane sine oppgåver?

Gruppeleiarane er leiarar for dei ulike politiske partia i heradsstyret. Dei har hovudansvar for dialog og samhandling med dei ande partia, innhenta og vidareformidla informasjon til dei andre i gruppa. Før politiske møte, har gruppeleiar eit særleg ansvar for å undersøkje om det er problemstillingar knytt til habilitet i gruppa og at representantane gjev melding om dette til ordførar og rådmann.

 

Arbeidsgjevaransvar for rådmannen

Arbeidsgjevaransvaret for rådmannen er heradsstyret sitt ansvar. Rådmannen vert tilsett av, og rapporterer til heradsstyret.

Rådmannen skal ha ein skriftleg arbeidsavtale som innfrir minstekrava i Arbeidsmiljølova. Avtalen bør også innhalda ei skildring av kva ansvar og mynde rådmannen har, oppfylging - og resultatkrav og høvet for fagleg utvikling. Rådmannen har, dersom ikkje anna er avtalt, det same stillingsvernet etter Arbeidsmiljølova som andre tilsette. Heradsstyret kan difor ikkje seia opp rådmannen utan sakleg grunn.

Rådmannen si løn ved tilsetjing vert tilrådd av heradsstyret. Lønnsforhandlingar vert gjennomført med ordføraren som har fullmakt til å fastsetja lønnsregulering i samsvar med det som går fram av arbeidsavtalen. 

Grunnlag for lønnsutvikling kan vera eitt eller fleire av fylgjande kriterium:

  • Oppnådde resultat i høve til kommunen sine mål
  • Måten leiarskap vert utøvd
  • Vesentlege organisatoriske endringar
  • Behov for å behalda kompetent arbeidskraft

 

Arbeidsgjevaransvaret overfor rådmannen skal utførast på ein god måte, og det er viktig å opptre på ein tillitsskapande måte som legg til rette for godt samspel mellom folkevalde og administrasjon. Informasjonsutveksling mellom ordførar og rådmann om kva som rører seg i heradet, er viktig for dette samspelet.

Fylgjande prinsipp bør leggjast til grunn for folkevalde sitt arbeidsgjevaransvar for rådmannen:

Roller og rolleforståing

Rådmannen skal vera både uavhengig og lojal til heile heradsstyret.

Med uavhengig meiner me at rådmannen skal vera uavhengig til å gjera eigne, faglege vurderingar. Det tilseier òg at rådmannen sitt tilsetjingsforhold ikkje skal verta påverka av endringar i samansetjinga av heradsstyret, nytt formannskap eller ny ordførar. Med lojal meiner me at det er forventa at rådmannen gjennomfører alle vedtak fatta av folkevalde organ.

Arbeidsgjevaransvaret for rådmannen skal fylgja same prinsipp som for andre tilsette i kommunen.

Utviklingssamtalen med rådmannen må vera tilstrekkeleg forankra i heradsstyret. Det er ordførar, varaordførar og gruppeleiar i det største posisjonspartiet og det største opposisjonspartiet som gjennomfører samtalen årleg. Formålet med utviklingssamtalen vil vera å:

  1. avklara forventningar til samarbeidet, arbeidsvilkåra og resultata. Tema for resultatgjennomgang kan t.d. vera: økonomi, brukarar, medarbeidarar, interne prosessar og rutinar, innovasjon, læring og utvikling.
  2. skapa tillit og openheit
  3. leggja grunnlag for god kommunikasjon i relasjon mellom folkevalde og rådmannen
  4. rolleavklaring – kan ikkje avklarast ein gong for alle, difor ein dialog om relasjonen som er mellom politikk og administrasjon
  5. identifisera og avtala utviklingsbehov og utviklingstiltak for rådmannen

 

Kva er rådmannen si rolle?

Ein kommune er både ein politisk styrt organisasjon og ein del av den offentlege forvaltninga. Rådmann har det overordna ansvaret for kommuneadministrasjonen og den daglege drifta av heradet. Vidare har rådmannen det overordna ansvaret for sakshandsaminga til politiske organ. Det er rådmannen som kjem med innstilling i saker som skal til politisk handsaming.

I tillegg legg det enkelte heradsstyret råmer for rådmannen si leiing ved delegering av mynde i enkeltsaker og i saker som ikkje er av prinsipiell tyding.

 

Kva som er omfatta av rådmannen sitt ansvar:

Har ansvaret for å utforma og utvikla organisasjonen.Rådmannen skal syta for kvalifisert arbeidskraft.Har ansvaret for å delegera mynde vidare ut til leiarane for dei ulike einingane gjennom eit eige delegeringsreglement for det administrative nivået.Ansvarleg for internkontroll. Internkontrollen skal vera systematisk og tilpassast verksemda sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikobilete, Kommunelova §25-1.Rådmannen skal byggja tillit til Voss herad ved å leggja til rette for god dialog, leggja fram god og heilskapleg styringsinformasjon og vidareformidla denne på ein pedagogisk måte til folkevalde og innbyggjarane.Rådmannen skal bidra til god samhandling mellom dei folkevalde og administrasjonen.Har ansvaret forsvarleg saksutgreiing før saker vert lagt fram for folkevalde organ.Rådmannen skal syta for at dei vedtaka som vert gjort av folkevalde organ vert sett i verk og fylgd opp.Har møte- og talerett (personleg eller representert av underordna) i alle kommunale folkevalde organ, med unntak av kontrollutvalet i Voss herad.Rådmannen skal vera merksam på eigen habilitet og handla i tråd med dei etiske retningslinene for tilsette.For å sikra innsyn om eigne rollar, skal rådmannen og rådmannen si leiargruppe vera registrert i styrevervregisteret.Rådmannen har personalansvar for alle tilsette i heradet. Dette inkluderer tilsetjing, oppseiing, suspensjon, avskjed eller andre reaksjonar, Kommunelova § 13.Saksutgreiing

Rådmann kjem med ei innstilling. Saksutgreiinga skal ta med alternativ og anna argumentasjon som kan stetta eit anna syn. I enkelte saker kan rådmannen skriva alternativt vedtak, ikkje som rådmannen si innstilling, men som «hjelp» til politikarane, slik at vedtak vert juridisk rett.

 

Rådmannen sine oppgåver knytt til kriseleiing og krisehendingar

Har det operative ansvaret for handteringa av krisehendinga.Er ansvarleg for å setje i verk naudsynte tiltak slik at organisasjonen klarar å handtera krisehendinga.Leiar kommunal kriseleiing (KKL), gjennom å få den til å fungera som eit lag og fatta dei rette avgjerslene. Skal ivareta dei tilsette.Skal halda kontakten med Lokal- og hovudredningssentral (LRS og HRS), fylkesmann, Beredskapsrådet og andre eksterne samarbeidspartnarar.Er ansvarleg for evaluering etter øvingar og krisehendingar.Kva er administrasjonen si rolle? < >Administrasjonen er underlagt rådmannen si leiing. Det er rådmannen som svarar på vegne av administrasjonen, og står ansvarleg for administrasjonen si verksemd. Førespurnader til administrasjonen vert retta til rådmannen, og rådmannen si leiargruppe. Eventuell kontakt med dei ulike avdelingane og tilsette vert avklara med rådmann på førehand. Saksordførar i heradsstyresaker kan ta direkte kontakt med sakshandsamar.Administrasjonen har eit ansvar for å halda seg til vedtekne politiske strategiar og skal vera partipolitisk nøytral. Administrasjonen er premissleverandørar og skal utgreia sakene. Etter vedtak skal administrasjonen utføra og etterleva dei politiske vedtaka som vert fatta. For å sikra eit likt avgjerslegrunnlag for alle folkevalde, bør politiske spørsmål i hovudsak vera tekne opp i forkant av politiske møte, og svart på av rådmannen i politiske møte eller i forkant av desse (til dømes heile formannskapet, heradsstyret). Administrasjonen har ikkje høve til å gje ut viktig saksopplysningar til enkelte folkevalde i forkant av handsaminga av politiske saker. Alle folkevalde har rett på same informasjon.Administrasjonen skal vera merksam på eigen habilitet og opptre i tråd med dei etiske retningslinjene for tilsette.