Del 2: Retningslinjer for kontakt og informasjonsflyt mellom folkevalde og administrasjon

Politiske vedtak og den dagleg aktiviteten i Voss herad skal byggja på eit mest mogleg korrekt totalbilete av situasjonen. For å sikra ei lik og sakleg handsaming, er det laga retningsliner for kontakt og informasjonsflyt mellom folkevalde og administrasjon.   

Voss herad sine retningsliner for kontakt mellom folkevalde og administrasjon byggjer på timeglas-modellen. Informasjon mellom folkevalde og administrasjon skal i hovudsak gå gjennom bindeleddet ordførar-rådmann.

Kontakt mellom folkevalde og administrasjonen:

  • Spørsmål til administrasjonen frå dei folkevalde skal rettast til rådmannen. Rådmannen svarar på vegne av administrasjonen, eller delegerer dette til ein av sine underordna.
  • Dersom dei folkevalde ønskjer å ta opp kritikkverdige forhold, klaga på rådmannen eller andre kommunalt tilsette, skal dette fyrst takast opp med ordførar som deretter tek dette vidare opp med rådmannen.
  • Ordførar og rådmann skal utveksla informasjon, og syta for å ha faste møtepunkt for å sikra god samhandling .
  • Ordførar og rådmann har begge eit ansvar for å vidareformidla riktig og god informasjon om Voss herad si verksemd, leveransar og andre tilhøve som kan verka inn på Voss herad sin tenesteproduksjon.
  • I kvart heradsstyremøte set ein av tid slik at ordførar og rådmann kan gje informasjon til dei folkevalde. I tilfelle der det ikkje er møte vil det vere aktuelt å gje informasjon til heradsstyret på anna måte. Det er viktig å vere tidleg ute med informasjon frå administrasjon til folkevalde, slik at informasjonskanalen ikkje er media. Utvalsleiar kan setje av tilsvarande tid til informasjon i sine møte.
  • Rådmannen og administrasjonen er partipolitisk nøytral, og skal difor ikkje uttrykkja sine personlege meiningar om politiske saker i møte med dei folkevalde, men uttrykkja faglege vurderingar og råd når dette vert etterspurd.

 

Statusoppdatering prosjekt og politiske vedtak 

Som det går fram av folkevalde si styringsrolle, skal politikarane mellom anna fylgja opp og kontrollera iverksetjing av politiske vedtak. Informasjon knytt til status for desse vedtaka kan politikarane få gjennom formelle spørsmål til administrasjonen. Regelmessig rapportering skjer gjennom tertialrapportar og orienteringar.

 

Ved gjennomføring av større investeringsprosjekt skal administrasjonen utarbeida ein informasjonsstrategi som del av prosjektgjennomføringa. Informasjonsstrategien skal innehalda ein kort omtale av prosjektet og planlagd gjennomføringstid. I større byggeprosjekt skal dei folkevalde vera representerte med observatør, vald mellom medlemane i formannskapet.

 

Spørsmål frå innbyggjarar og lesarinnlegg 

Administrasjonen skal svara på spørsmål som er sendt til kommunen. Dersom det er tvil om det er administrativ eller politisk leiing som skal svara, skal detta avklarast mellom ordførar og rådmann.