Kvar og når kan du røysta?

Valdagen er 8. september. Du kan førehandsrøysta allereie frå 11. august 2025. Hugs å ta med deg legitimasjon.

Korleis stemmer du?

Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit vallokale på valdagen, eller ved førehandsrøysting.

 

Her kan du førehandsrøysta i Voss herad

Du kan førehandsrøysta i kva kommune som helst frå 11. august til 5. september.

Klikk på boksen under for å sjå oversikt over kvar og kortid du kan førehandsrøysta i Voss herad:
 

 

Valdirektoratet

Tidlegrøysting

Tidlegrøysting er for veljarar som ikkje har høve til å røysta i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen. Du kan tidlegrøysta frå 1. juli til 8. august.
I Voss herad kan du røysta tidleg på Tinghuset.

Innbyggarservice er ope måndag til fredag frå 10:00 til 14:00

 

Røysta heima

Veljarar som ikkje kan oppsøkja eit røystelokale, kan førehandsrøysta heima. 
Frist for å søkja heimerøysting er torsdag 4. september kl. 12.00. Søknaden må innehalde namn, telefonnummer, adresse og fødselsdato. Søknaden kan vera skriftleg eller munnleg over telefon. 


 

Røysting på valdagen i Voss herad

Her kan du røysta på valdagen 8. september i Voss herad: 

 

Stortingsval 2025 - oversikt krinsar
Krins nr.KrinsRøystestadOpningstid
1EvangerEvanger skule11.00 - 19.00
2BulkenBulken skule11.00 - 19.00
3VangenVoss idrettshall09.00 - 20.00
4SkulestadSkulestad skule09.00 - 20.00
5VossestrandSambygg10.00 - 19.00
6PalmafossenPalmafossen skule10.00 - 19.00
7BjørgumBjørgum skule10.00 - 19.00
8GranvinMælandshagen10.00 - 19.00

 

 

Du kan lesa meir om Stortingsvalet på Valgdirektoratet sine sider: 

www.valg.no – Stortingsvalget 2025

Kontakt

Valansvarleg
Irene Furesund
E-post
Telefon 56 51 94 00