Røysterett og manntal

For å røysta må du ha røysterett og vera innført i manntalet i ein kommune.

Du har røysterett ved stortingsval dersom du oppfyller desse vilkåra:

  • norsk statsborgar
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

 

Manntal til offentleg ettersyn

Manntalet til stortingsvalet vart lagt ut til offentleg ettersyn 10. juli og manntalet til sametingsvalet vart lagt ut til offentleg ettersyn 16. juli. 

Det vil ligga tilgjengeleg fram til valdagen 8. september, i servicetorget på Tinghuset. 

Kva er manntalet?

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. Du blir automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett i den 30. juni 2025. Denne datoen blir kalla for skjeringsdatoen.

Om du har flytta og ynskjer røysterett i den nye kommunen, må du difor melda flytting til folkeregisteret innan 30. juni. Dersom du flyttar etter 30. juni, har du røysterett i kommunen du flyttar frå.

Bur du i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Norge tidlegare, skal du førast inn i manntalet i den norske kommunen du sist var registrert som busett i.

  • Har du vore busett i Norge i løpet av dei siste 10 åra, vert du automatisk ført inn i
    manntalet i kommunen der du sist var registrert som busett.
  • Har du budd meir enn 10 år i utlandet vert du ført inn i manntalet i kommunen du sist
    var registrert som busett i når du stemmer.
     

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstandsmedlemer, som aldri har vore registrert som busett i Norge, vert ført inn i manntalet i Oslo kommune.

Slik fungerer manntalet

Manntalet sikrar at berre dei som har røysterett får røysta, og at ingen får røysta meir enn ein gong. I Noreg er det elektronisk manntal som blir brukt ved val. Kommunane kan difor kryssa av veljarar i manntalet direkte i valsystemet EVA ved å søkja opp veljaren.

Les meir om røysterett og manntal på valgdirektoratet.no

 

Kontakt

Valansvarleg
Irene Furesund
E-post
Telefon 56 51 94 00