Røysterett og manntal

For å røysta må du ha røysterett og vera innført i manntalet i ein kommune.

Du har røysterett ved stortingsval dersom du oppfyller desse vilkåra:

  • norsk statsborgar
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

 

Manntal til offentleg ettersyn

Etter 10. juli vert manntalet i kvar kommune lagt ut til offentleg ettersyn.

 

Kva er manntalet?

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. Du blir automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett i den 30. juni 2025. Denne datoen blir kalla for skjeringsdatoen.

Om du har flytta og ynskjer røysterett i den nye kommunen, må du difor melda flytting til folkeregisteret innan 30. juni. Dersom du flyttar etter 30. juni, har du røysterett i kommunen du flyttar frå.

 

Slik fungerer manntalet

Manntalet sikrar at berre dei som har røysterett får røysta, og at ingen får røysta meir enn ein gong. I Noreg er det elektronisk manntal som blir brukt ved val. Kommunane kan difor kryssa av veljarar i manntalet direkte i valsystemet EVA ved å søkja opp veljaren.

Les meir om røysterett og manntal på valgdirektoratet.no

 

Kontakt

Valansvarleg
Irene Furesund
E-post
Telefon 56 51 94 00