Å HANDLA RASKT ER NØKKELEN TIL Å SLÅ NED UTBROT

I snart to veker har me i Voss herad levd med ekstra strenge koronatiltak. Grunngjevinga har vore usikkerheit knytt til den krevjande situasjonen i Ulvik herad og nokre tilfelle i Voss herad med kopling til Ulvik som førte til ein uoversiktleg situasjon hjå oss.

Dei ekstra strenge reglane rammer hardt. Målet er å redusera mobiliteten i samfunnet og dermed faren for smittespreiing. Reglane er aktuelle i situasjonar der ein ikkje har oversikt eller der ein har pågåande utbrot. Vidare skal slike tiltak vara kortast mogleg, nettopp fordi dei er så inngripande.

Voss herad har gjennom heile pandemien lagt seg på dei nasjonale reglane. Det er enklast å kommunisera, det er enklast å følgja og dei har fram til no vore tilstrekkelege. Slik ønskjer me også å gjera det framover. TISK-strategien (testing-isolering-smittesporing-karantene) fungerer og har fungert godt, men dersom det skulle verta trong for det, kan og vil Voss herad innføra lokal forskrift.

Så veit me at det er smittetilfelle i Voss herad og at det vil dukka opp nye. Det avgjerande då er å handla raskt og målretta for å få stoppa eventuell smitte. Dette har høgste prioritet for Voss herad. Det vil seia at i ein tidleg fase der nye tilfelle vert oppdaga, handlar arbeidet om å få oversikt over nærkontaktar, få kontakta desse og få folk i karantene og deretter i gang med testing.

I situasjonar med nye smitta vert det operative arbeidet med å kontakta smitta og nærkontaktar prioritert fyrst, og deretter informasjon ut til publikum. Me prøver å få til dette raskast mogleg, men det kan skje at informasjon om nye smitta i Voss herad blir kjent før Voss herad har fått ut pressemelding og offisiell informasjon. Dette er i så fall resultat av ei prioritering, der målet er raskast råd å få stoppa mogleg smittespreiing.

Til dømes vil det gjerne vera slik at ved mange nærkontaktar i skular eller barnehagar, vil det fyrst  komma ei melding frå skulen/barnehagen på SMS som kort seier at mottakaren må i karantene grunna nærkontakt med ein smitta. Ved mange nærkontaktar kan det ta tid før heradet har kontakta alle, men det som då er viktig er at dei går i karantene og held seg der til dei vert kontakta for nærare informasjon. Nokon kan òg bli sett i ventekarantene som gjeld  for hushaldsmedlemar til nærkontakten har testa negativt. Nærkontakten må same kva vera 10 dagar i karantene.

Vidare er det slik at det viktigaste me kan gjera for å halda smittetrykket nede er at kvar og ein av oss gjer ein innsats. Det handlar om dei grunnleggjande smitteverntiltaka som handvask, halda avstand, hosta i albogen og halda seg heime om ein vert sjuk. Me må rett og slett vera strenge med oss sjølve, og skulle du vera i det minste i tvil om du er smitta av covid-19, hald deg heime og få testa deg.

Hugs at kven som helst kan verta smitta, og det er ei stor belastning i seg sjølv. Difor er det så viktig at me unngår stigmatisering og skuldingar, og at me til ei kvar tid er tydlege på at me står saman i denne pandemien.

Berre saman kan me halda smittetrykket nede og berre saman tek me vare på kvarandre!

 

Hans-Erik Ringkjøb

Ordførar Voss herad