Framdriftsplan

Godkjenning av mandat

I samband med oppstart, vart mandat for arbeidet sendt til Formannskapet. 

Formannskapet behandla mandata, og vedtok oppstart av arbeidet 13.3.2025, i sak 22/25

Du kan lese mandatet for Vossabarnehagen her 

Du kan lese mandatet for Vossaskulen her 

13.03.2025 13.16

Status- og utfordringsbilete

Me arbeidar for å finne fram til fakta som kan påverke saka. Dette kan mellom anna vere:

  • Barne- og elevtal (historisk og stipulerte)
  • Demografisk utvikling i heradet 
  • Kartlegging i høve bemanning og kompetanse
  • Kva er kvalitet i barnehage og skule 
  • Ressursutnytting og økonomi
  • Teknisk standard på barnehage- og skulebygg

Informasjonen skal danne del av kunnskapsgrunnlaget som rådmannen bygger tilrådinga si på.  

01.04.2025 13.23

"Foreldremøte" i skulen

I perioden april - mai 2025 vart det gjennomført FAU-møter på dei einskilde skulane, der leiar for grunnskule deltok. FAU vart invitert til å drøfte pedagogiske og organisatoriske tilhøve, samt skulen si betydning for lokalsamfunnet.  Dei vart så bede om å kome med sine innspel til saka om skulestruktur på Voss. 

Her kan du få meir informasjon om innspel frå FAU i Vossaskulen

01.05.2025 13.42

Skule - Medverknad for tilsette

19. Mai 2025 vart det gjennomført workshop for sjå korleis skulestruktur for Vossaskulen kan vera i framtida, og få innspel til kva ein kan gjere no for å få økonomisk gevinst i 2027.

Deltakarane fekk utlevert kart som viser kva barna på Voss bur, oversikt over elevtal- og tilgjengeleg kapasitet på dei ulike skulane. Dei vart bedne om å utarbeida alternative skulestrukturar, der dei også måtte ta høgde for endringar i barnehagestrukturen, og kva moglegheiter dette kunne gje.

Deltakarar: Rektorar og plasstillitsvalte på alle skulane, hovudtillitsvalt og hovudverneombod.  

 

 

 

19.05.2025 09.42

Medverknad for elevråda i Vossaskulen

19. mai 2025 vart det sendt ut spørsmål til elevråda på dei einskilde skulane i Voss herad. Elevane fekk til dømes spørsmål om korleis det hadde vore for dei å bli slått saman med ein annan skule? Eller korleis det hadde vore for elevane på Bjørgum å byrja på ungdomsskulen i Granvin i staden for på Vangen? Elevane vart bede om å finne både fordelar og ulemper ved alternativa. 

Her finn du meir informasjon om innspela frå elevråda

 

 

19.05.2025 10.46

"Foreldremøte" i barnehagen

3. juni 2025 vart det arrangert felles FAU-møte for alle dei kommunale barnehagane på Voss. Forutan FAU-representantane i dei einskilde barnehagane deltok også folkevalde frå Formannskapet og Utval for levekår. 

FAU vart invitert til å drøfte pedagogiske og organisatoriske tilhøve, samt barnehagen si betydning for lokalsamfunnet.  Dei vart så bede om å kome med sine innspel til saka om barnehagestruktur på Voss. 

Her kan du få meir informasjon om innspel frå FAU i Vossabarnehagen 

 

 

 

 

 

03.06.2025 14.17

Politisk verkstad

11. juni 2025 vart folkevalde frå Utval for levekår og Formannskapet invitert til å vera med på ein politisk verkstad. 

Dei folkevalde fekk informasjon om barnehagane og skulane, barne- og elevtal samt kart som viser demografiske tilhøve i bygda.  Oppdrage deira var å lage ein barnehage- og skulestruktur for framtida. 

Et bilde som inneholder tekst, håndskrift, skjermbilde, design

KI-generert innhold kan være feil.

11.06.2025 09.34

Reviderte mandat for Vossabarnehagen og Vossaskulen

For å sikra parallell framdrift med kommuneplanen er framdriftsplanane i mandata for barnehage- og skule vorte justert.  Dette er viktig for å kunna sjå dei lange linjene og skapa føreseielege og heilskaplege tenester for innbyggarane i heradet. 

Justerte framdriftsplanar vart vedtatt i Forrmannskapet 12.6.2025 i sak 66/25. 

Du kan lese dei reviderte mandata her, Mandat for Vossabarnehagen og Mandat for Vossaskulen 

Her er også dei folkevalde sine innspel til dei fyrste mandata kome inn, mellom anna kartlegging av skulane sine moglegheiter for å driva praktisk læring. 

12.06.2025 10.00

Barnehage - Medverknad for tilsette

18. juni 2025 vart det gjennomført workshop for styrarane og plasstillitsvalte for å sjå korleis barnehagestrukturen i Voss herad skal sjå ut i framtida, og få innspel til kva ein kan gjere no for å få økonomisk gevinst i 2027.

Deltakarane fekk utlevert kart som viser kva barna på Voss bur, oversikt over barnetal i alle barnehagane, og tilgjengeleg kapasitet i den einskilde barnehage. Dei vart bedne om å utarbeida alternative barnehagestrukturar, der dei også måtte ta høgde for endringar i skulestrukturen, og sjå på kva moglegheiter dette kunne gje.

Deltakarar: Styrarar og plasstillitsvalte i alle kommunale barnehagar.

 

18.06.2025 09.44

Barnehagar og skular for framtida

På bakgrunn av informasjonen som er henta inn arbeidar me med å ferdigstilla kunnskapsgrunnlaget og rådmannen sine tilrådingar til heradsstyre.  Innspel frå elevar, føresett og tilsette vert sett i samanheng med aktuell forsking knytt til kvalitet og robusheit i barnehage- og skulesektoren samt økonomisk, byggteknisk og demografisk data

01.08.2025 14.16

Fyrstegongs politisk handsaming

15. oktober 2026 får Utval for levkår oversendt kunnskapsgrunnlag og tilrådde endringar 

16. oktober 2026 får Formannskapet oversendt kunnskapsgrunnlag og tilrådde endringar 

 

 

15.10.2025 14.20

Offentleg ettersyn

Etter at saka har vore til fyrstegongs politisk handsaming hjå Utval for levekår og Formannskap vert saka lagt ut på høyring. 

Høyringsperioden er sett til seks veker, i perioden 16.10.  - 26.11.2025

Her kan du sende innspel til planen (lenke vert tilgjengeleg i forkant av 16. oktober). 

16.10.2025 15.06

Etterarbeid

Me arbeidar med innspel som er komne. Me ser innspela opp mot rapportar, tilrådingar og gjer naudsynte korrigeringar.   

05.01.2026 11.09

Behandling i Herdasstyre

I januar/februar 2026 skal saka opp til politisk handsaming i Formannskapet, Utval for levekår og til endeleg handsaming i heradsstyret.  

03.02.2026 15.01