I perioden det har vorte jobba med barnehage- og skulestruktursaka er det gjennomført fleire medverknadsprosessar. Under kan du lytte til tre podcastar som gjev ei oppsummering av innspela som er kome frå elevråda på skulane, og FAU- i Vossaskulen og Vossabarnehagen.
Når saka skal ut på høyring, vil det kome meir informasjon om høyringsprosessen her.
Vossaskulen - ElevrådPodd
Vossaskulen - FAUpodd
Vossabarnehagen - FAUpodd
Innspela i sin heilskap vert lagt til som vedlegg i den politiske saka, som kjem opp i januar/ februar 2026.
NB! Podcastane er produsert ved hjelp av KI (kunstig intelligens)
Kva har me gjort? Me har lagt alle innspela (dokumenta) inn i eit KI-program, som mellom anna kan produsere podcastar. Vidare har me bede programmet lage ei oppsummering av dei innspela som er kome.
Stemmene og uttale av namna kan vera litt rare, men me vurderer likevel at de er eit fint verktøy for innbyggarar som ynskjer å halde seg oppdatert i saka om barnehage- og skulestruktur.