Voss herad sitt prosjekt Voss iPluss 2027, stiller krav til at alle kommunalavdelingar må omstilla tenestene til å verta berekraftige, det vil sei at me har både folk og pengar til å dekka framtidige behov og tenester for Vossabarnehagen og Vossaskulen. Dette prosjektet er ein del av oppvekst sin prosess for å stetta målsetjingane i det overordna prosjektet.
Den demografiske utviklinga på Voss og i kommunane generelt har endra seg dei siste åra, og skal endra seg dei komande åra. Dette er alt ei stor utfordring for Vossabarnehagen og Vossaskulen, som no står overfor utfordringar knytt til lågare barnetal enn tidlegare og mangel på tilgang på kvalifiserte tilsette.
Mål for arbeidet
Barnehage
- At me klarar å rekruttera og behalda tilsette
- At me har berekraftige tenester som oppfyller pedagog og bemanningsnorm, og at me har bygg og einingar som stettar meir fleksibel bruk av ressursar
- Sikra at alle barn har eit godt og trygt barnehagemiljø og sikra god kvalitet på tenestene som fremjar leik, læring og utvikling
Her kan du lese heile mandatet for Vossabarnehage (PDF, 195 kB)
Skule
- At me klarar årekruttera og behalda tilsette
- At me har berekraftige tenester som oppfyller lærarnorm og stettar kompetansekrav
- At me har bygg og einingar som stettar meir fleksibel bruk av ressursar
Her kan du lese heile mandatet for Vossaskulen (PDF, 227 kB)