Du kan melda frå på fleire måtar:
- Ring oss
- Send brev
- Send e-post (ikkje skriv sensitive opplysningar på e-post.
For å vera sikker på at du treff oss på kontoret, er det lurt å laga ei avtale på førehand.
Send bekymringsmelding digitalt
Kva skjer etter at du har sendt bekymringsmelding?
- Meldinga vert gjennomgått innan ei veke
- Akutte saker vert vurderte med ein gong
- Barnevernet vil anten starta ei undersøking, eller avslutta saka
Dersom det er behov, kan det verta sett inn hjelpetiltak
Meldeplikt
Offentlege instansar har plikt til å varsla barnevernet dersom dei har grunn til å tru at born vert utsette for grov omsorgssvikt.
Privatpersonar har ikkje plikt, men det er viktig å melda frå ved alvorleg bekymring. Du må ikkje ha observert det som meldinga refererer tilm neb du bør kunne identifisera kjelda til informasjonen. Eit rykte vert ikkje sett på som ei melding. Du kan velja å melda anonymt, men barnevernstenesta ynskkjer at du seier kven du er, fordi det gjev saka meir truverde.