
For dei fleste av oss er det viktig å få bu der me kjem ifrå. Derfor treng me fleire fosterheimar i eigen kommune, for dei borna som ikkje kan bu hjå nokon frå familien sin. «It takes a village to raise a child», er grunnforståinga i arbeidet med å ta vare på born og unge som treng fosterheim. Me står saman for å sikra at born som bur i fosterheim skal oppleva ein trygg og kjærleg omsorgssituasjon.
På denne sida kan du lesa om å vera fosterheim og kva støtte, oppfølging og godtgjersle du får som fosterheim for Voss barnevernteneste.
Kva oppfølging får eg som fosterforelder i Voss herad?
Som fosterheim for Voss, vil du få ein kontaktperson og ein rettleiar som du har regelmessig kontakt med, og som du kan kontakta ved behov. Med dei kan du drøfta praktiske spørsmål eller ulike dilemma og problemstillingar. Teamet som blir etablert følgjer opp både barnet, foreldre, fosterheim, skulen/barnehagen og andre involverte personar.
I starten av oppdraget går de gjennom ein rettleiingsprosess der me vil bidra til at de får ein god start saman med barnet som flyttar inn. Me pratar om relasjonen dykkar til barnet og knyter den opp mot kunnskap på aktuelle tema. Det kan til dømes vera å auka forståinga om kva konsekvensar barnet ber med seg etter å måtta flytta i fosterheim og korleis det kan påverka relasjonen mellom dykk.
De kan få rettleiing både individuelt og i grupper saman med andre fosterheimar. Eventuelle eigne barn sine omsorgsbehov vil også vera eit naturleg tema i rettleiinga.
Som fosterheim er de aktive utøvarar i landsbyen til barnet. Barneverntenesta vil leggja til rette for at alle dei vaksne skal samhandla med utgangspunkt i omsorgsbehovet til barnet. Barneverntenesta vil sikra nødvendige forsterkningstiltak for å sikra omsorgsrammene.
@Video embedded
Kva godtgjersle får me?
Alle fosterheimar får ein grunnstønad og dekning av utgifter ut frå KS sine satsar. Du vil i tillegg få barnetrygd slik du får for eigne born. På KS sine heimesider finn du gjeldande satsar: KS rettleiande satsar for fosterheim
De vil få støtte til andre ekstrautgifter, som til dømes briller, helsetenester, tannhelse, dåp/konfirmasjon, sertifikat med meir.
Fosterforeldre får ein grunnstønad. Det er ei pensjonsgivande inntekt som gir opptening av alderspensjon i folketrygda. Pr. no vert ikkje fosterforeldre rena som arbeidstakarar, men som oppdragstakarar/frilansarar, og vert likestilt med sjølvstendig næringsdrivande. Derfor får ikkje fosterforeldre opptening i tenestepensjon, men kan spara til pensjon i private pensjonsordningar.
Nokre gonger vert fosterforeldre frikjøpt frå sitt daglege arbeid for å kunna vera fosterheim på heiltid. Ein kan verta frikjøpt frå heile eller delar av stillinga, it frå kva behov bornet og familien har. Det betyr at barnevernstenesta betalar for tapt inntekt, opp til eit rettleiande tak på 6 G i året. Som fosterheim har ein rett på permisjon inntil tre år utan løn frå arbeidet sitt, når fosterbarnet er under 15 år.
Dersom du er uføretrygda og fosterforelder, vil NAV gjera ei avkorting av yting, fordi grunnstøtta er høgare enn kva ein ha høve til å tena som ufør. Dette tapet vil barneverntenesta kompensera for.
Vil du veta meir?
Dersom du er nysgjerrig, kan du lesa meir på om det å verta forsterheim for eit barn i eige nærmiljø på fosterheim.no. Du kan også, heilt uforpliktande, ta kotnakt med fosterheimstenesta her. (lenkje bufdir(kontakt)