Voss barnevernteneste treng besøksheim til fleire born i ulike aldrar.
Me treng besøksheim til familiar som får hjelpetiltak frå barnevernet.
Ein besøksheim er ein vanleg heim som kan ta vare på eit eller fleire born, oftast ei helg pr. mnd. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak, og skal vere ein ekstra ressurs for barnet og foreldra. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim.
Me treng fleire engasjerte besøksheimar som har ekstra tid og plass til eit barn eller ein ungdom. Målet er å gje barn utvida moglegheiter til å delta på aktivitetar, få nye erfaringar og stimulerande opplevingar i eit trygt og positivt miljø i besøksheimen.
Arbeidsoppgåver
Ha eit barn på besøk ei eller to helger pr. månad, og nokre gonger også i feriar. Tilby barnet trygge rammer og stimulerande aktivitetar, men òg rom for kvile. Nokre barn vil kunne vere ein del av familien sine vanlege aktivitetar, medan andre barn vil ha behov for meir tilpassa aktivitetar.
For å bli vurdert som besøksheim treng barneverntenesta eit søknadsbrev frå dykk med informasjon om mellom anna:
- motivasjonen for å bli besøksheim
- relevant erfaring/bakgrunn knytt til oppfølging av barn og unge
- skildring av kva de kan tilby av kvalifikasjonar som vert etterspurd for å vere besøksheim
Kvalifikasjoner
Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar som har både husrom og hjarterom. Både einslege og par, med og utan eigne barn, kan søkje om å bli besøksheim. Det vert ikkje stilt krav om formell utdanning for å bli besøksheim, det er personleg eigenskap og engasjement det vert lagt størst vekt på. Det må takast omsyn til at barna kan trenge noko tettare oppfølging og meir merksemd enn barn og ungdom på same alder.
For å bli godkjend må de ta imot eit heimebesøk for ein samtale/intervju, vidare må alle over 18 år i familien kunne leggje fram politiattest utan merknadar.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter trygge vaksne som evner å sjå barna sine behov og å vere tolmodig. Dei vaksne i besøksheimen må vere god på å skape trygge rammer og gode relasjonar til barn og ungdomar, samt at ein kan klare å stå i utfordrande situasjonar.
Me tilbyr
Alle besøksheimar får oppfølging og rettleiing frå sin kontaktperson ved behov, og dei vil bli lønna etter gjeldande satsar.
Er dette noko for deg/dykk? Har de spørsmål knytt til oppdraget? Ta kontakt med Kitty Prestegard, leiar Voss barnevernteneste på e-post: kitty.prestegard@voss.herad.no eller ring Voss barnevernteneste på tlf: 56521310.
Du kan også senda ein e-post til postmottak.barnevern@voss.kommune.no
Besøksheim er ein familie, med eller utan barn, einslege eller sambuarar som tek imot barn i helger eller eventuelt i feriar. Kor mykje barna er på besøk varierer ut frå barna sine behov og kva besøksheimen kan og ynskjer.
Besøksheimen må ha ein stabil livssituasjon samt tid og ynskje om å tilby eit barn gode opplevingar. Ein bør ha overskot og forståing for barna sine ulike reaksjonar og behov. Besøksheimen må kunna binda seg over tid, minimum eit år. Det kan ikkje vere store kriser i heimen, heller ikkje rus- eller psykiske vanskar. Barna har ofte behov for å oppleva trygge og føreseielege familiesituasjonar, der dei vert sett og høyrt.
Besøksforeldre (og heimebuande barn over 18 år) må leggja fram uttømmande politiattest. Politiattesten kan ikkje vera eldre enn 3 månadar. Det er ikkje naudsynt med sosialfagleg- eller barnefagleg utdanning for å vera besøksheim.
Besøksheimen får rettleiing av barneverntenesta ved behov.
Barna er i alderen 0 - 18 år. Situasjonen i heimen kan av ulike årsaker vera vanskeleg for barna. Foreldra kan ha behov for avlastning, for å få overskot og barna kan ha behov for trygge og gode vaksne.
For mange av barna vil det å oppleva trygge føreseielege vaksne, i trygge omgjevnader med vaksne som bryr seg, vera godt. Kontakten med besøksheimen har som mål å gje barna gode kvardagslege opplevingar, lærdom, stimulans, tryggleik og glede.