Krangel i heimen?

Opplever du mykje krangling eller vanskeleg samarbeid i familien, etter samlivsbrot eller medan de bur saman? Då kan dette kurset vere til hjelp.

Kva handlar kurset om?

Kurset handlar om korleis konfliktar og vanskeleg samarbeid påverkar barn – og kva du som forelder kan gjere for å skjerme dei.
 

Kven passar kurset for?

Kurset passar for:

  • foreldre som har gått frå kvarandre og strevar med samarbeid
  • foreldre som bur saman og opplever mykje konflikt i kvardagen

 

Målet med kurset

Målet er at du skal:

  • få betre forståing av korleis barn blir påverka
  • få verktøy til å handtere konfliktar betre
  • bli tryggare i foreldrerolla

 

Korleis er kurset lagt opp?

  • Kursa går på dagtid (måndagar) i Knutepunktet
  • Varigheit: 2 timar per gong, totalt 4 timar
  • Kurset er delt i to delar:
    • fokus på deg som forelder
    • fokus på barnet sitt perspektiv

Foreldre som har gått frå kvarandre får tilbod om eigne kurs.
Foreldre som bur saman deltek på kurs i lag.

 

Pris

Kurset er gratis. Det er lågterskeltilbod, og det blir ikkje oppretta barnevernssak.

 

Ta kontakt

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale eller meir informasjon:
Voss barnevernteneste
E-post: annette.d.hegle@voss.herad.no