Krangel i heimen?

Er du ein forelder som har eit utfordrande samarbeid etter samlivsbrot? Er de foreldre som har eit utfordrande og vanskeleg samarbeid i heimen? Då har me eit lågterskeltilbod til deg.

Det er ein krevjande og vanskeleg livssituasjon etter eit samlivsbrot når samarbeid og kommunikasjon rundt borna er utfordrande. Det er vondt og vanskeleg når samlivet ein har i lag ikkje lever opp til forventingar. Dette er og vondt og vanskeleg for borna, og kan hindra deira trivsel og utviklinga til borna.

Voss barnevernteneste har eit kurstilbod vi tilbyr gratis til foreldre som har eit utfordrande samarbeid etter samlivsbrot, og eit kurs for foreldre som bur ilag med eit utfordrande samarbeid i heimen. Dette er eit lågterskeltilbod i Voss herad, og det vert ikkje oppretta barnevernsak.

Målet for kurset er at du som forelder får meir kunnskap om korleis det er for barnet ditt å vekse opp med foreldre som har utfordrande kommunikasjon og samarbeid ved brot/ eller i heimen. Kunnskapen skal vera ei hjelp til å få fram dei beste ressursane dine, slik at du kan skjerme barnet ditt på best mogleg måte, samtidig ta vare på deg sjølv som voksen. Vi ønskjer at du som mamma eller pappa skal vite kor viktig du er for barnet ditt. Kvart val og kvar handling påverkar barnet ditt og vegen vidare.
 

Praktisk: Kursa vert helde på dagtid måndagar, 5etg. i Knutepunktet. Kurset er delt opp i to ulike kursdeler, del 1: har vi fokus på foreldreperspektivet, kva kan eg som forelder gjera for å skåna meg sjølv og borna. Del 2: barneperspektivet, kva kan ein som forelder gjera for at borna får ei god utvikling og barndom til trass for det vanskelege. Kurset varar 2 timar pr. gong, til saman 4.timar for gjennomført kurs. De som har eit samlivsbrot, får tilbod om to separate kurs. De som framleis bur ilag, men strevar, kjem på kurset ilag.

Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande samtale om dette kan vera noko for deg, eller du ynskjer meir informasjon. Voss barnevernteneste: annette.d.hegle@voss.herad.no

Velkomen!